Åkrafjordtunet på Teigland i Åkrafjorden.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Inviterer til folkemøte for nasjonalparken
Det blir lagt opp til folkemøte rundt revisjon av forvaltningsplanen for Folgefonna nasjonalpark og verneområda rundt, på Åkrafjordtunet, torsdag 14. mars, melder Etne kommune på sine heimesider. Det blir også arrangert møte på litteraturhuset i Odda, og på Folgefonnsenteret i Rosendal, men møta blir dei same så det er ikkje nødvendig å få med seg alle tre, blir det opplyst.
Møta har som mål å informere og samarbeide med lokalsamfunna om eventuelle endringar i retningslinjer for forvaltningsplanen. Det er viktig å understreke at retningslinjene må overhalde lovforskriftene for verneområda. Målet er å sikre ei berekraftig forvaltning av området samtidig som ein respekterer gjeldande lovverk.
Alle interesserte innbyggjarar, næringsdrivande og organisasjonar blir oppmoda til å delta for å dela synspunkt og bidra til ei balansert forvaltning av nasjonalparken og verneområda rundt.