Kong Harald har fått operert inn pacemaker

Publisert Sist oppdatert
Kong Harald har tysdag fått operert inn ein permanent pacemaker. Slottet opplyser at inngrepet var vellykka.

– Inngrepet var vellykka, og kongen har det bra. Kongen vil vere på sjukehuset i nokre dagar til, skriv Slottet i ei pressemelding.

Kongen vart sjuk med ein infeksjon 27. februar under ein ferietur i Malaysia og lagd inn på sjukehus. Han fekk operert inn ein mellombels pacemaker under sjukehusopphaldet.

Han vart første helga i mars frakta heim med fly og lagd inn på Rikshospitalet i Oslo. Kongen er sjukmeld i to veker.

Powered by Labrador CMS