Han stadfestar at Nasjonal transportplan for åra 2025 til 2036 blir lagt fram 22. mars, altså fredagen før påske.
Han røper også nokre av prioriteringane:
– Vi må sørgje for at vegar og jernbane fungerer i kvardagen. Dermed må vi bruke meir pengar på drift og vedlikehald, og mindre på investeringar, seier han.
– Framleis store investeringar
Nasjonal transportplan er det viktigaste dokumentet regjeringa legg fram på samferdselsfeltet denne perioden. Planen skal leggje linjene for utviklinga i mange år framover.
– Det blir ei vriding av ressursbruken og meir måtehald rundt kva slags type prosjekt vi vel å gå vidare med, seier Nygård.
Han understrekar at regjeringa framleis kjem til å bruke store summar på investeringar, både på veg og jernbane.
– Men det blir ikkje så mange av desse gigaprosjekta, seier han.
Meir måtehald
Ved å skrote nokre av dei største prosjekta blir det meir pengar til mindre prosjekt rundt omkring i heile landet.
– Viss du tek bort eit prosjekt til 50 milliardar kroner, får du plass til fleire prosjekt i storleiken 2, 3, 4 og 5 milliardar kroner, seier Nygård.
Han vil førebels ikkje gå ut med kva for nokre konkrete prosjekt som blir skrota. – Er tida for dei aller største prosjekta forbi?
– Eg trur ein skal vere varsam med å seie forbi», fordi landet er aldri ferdigbygd. Men det blir meir måtehald. Det er ei erkjenning av at vi må prioritere det viktigaste først.
– Drog på for mykje
Mykje har skjedd i verda og Noreg sidan førre transportplan vart lagt fram av Solberg-regjeringa i 2021, både krig, uro og dyrtid.
– Det tilseier jo at ein del pengebruk må gå i retning av samfunnstryggleik og forsvar. I tillegg gjer den demografiske utviklinga at vi må bruke meir pengar på helse og omsorg, seier Nygård.
Regjeringa har tidlegare valt å påskunde den nye transportplanen med eitt år. Dermed blir den førre planen erstatta tidlegare enn planlagt.
– Vi meiner nok at den førre regjeringa drog på for mykje, med altfor mange prosjekt i den første seksårsperioden som eigentleg ikkje var heilt realistiske, seier samferdselsministeren.
Klimaperspektiv
Det blir også ei tydeleg satsing på klima og natur i transportplanen, ifølgje Nygård.
Ved å droppe nokre av dei store prosjekta, får ein også ein gevinst her, meiner han:
– Vi gjenbruker meir og tek ikkje hol på like store naturområde, seier han.
Opprusting av eksisterande vegar og jernbane er viktig også for å tole meir ekstremvêr og andre konsekvensar av klimaendringane, blir det påpeika.
Framleis full satsing på nullutslepp
Ifølgje dagens plan skal alle nye personbilar og lette varebilar i Noreg vere utsleppsfrie frå neste år av.
No blir det også varsla fleire nye tiltak for å redusere utsleppa frå tungtransporten.
Samferdselsministeren har altså ikkje mista trua på el-transport etter rapportane frå Oslo i vinter, der det har vore store problem med dei elektriske bussane.
Han vedkjenner at det ikkje har fungert optimalt, men påpeikar at Oslo har vore spesielt tidleg ute med satsinga si.
– Det har vore andre byar som har fått det til. Det handlar nok meir om kva slags krav du har stilt i anbod og kontraktar med leverandørane, enn at nullutslepp ikkje verkar, seier han.