Ønskjer tidleg bygging av Bakka-Mo
Regjeringa vil prioritere ny E134 Bakka-Mo når dei legg fram ny Nasjonal transportplan i morgon fredag. No er spørsmålet kor tidleg ein kan setje spaden i jorda.
Sist fredag kom den gledelege meldinga om at strekninga ny E134 Bakka-Mo har fått plass i NTP 2025-2036. Det endelege vedtaket blir fatta i Stortinget ein gong før sommaren, og før det blir behandla i nasjonalforsamlinga blir vidare arbeid lokalt sett på vent.
— Dette er ei kjempeviktig nyheit. Førebels må me avventa behandlinga i Stortinget, men det er naturleg at Etne kommune snakkar med Statens vegvesen for å finna ut kor i 12-års perioden me kan forventa at me vil koma inn, seier ordførar i Etne Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og trur det kan bli tommel opp for prosjektet når det skal inn til endeleg behandling.
Ho ser også føre seg å jobba vidare med reguleringsplan for heile strekninga Bakka-Solheim.
— Me vil jobba for å få inn merkander for reguleringsplan for heile prosjektet. Me må ha veg utanom Etne og Ølen, seier ordføraren.
Reguleringsplan
Vegtraseen for ny E134 er lagt og kommunedelplanen er gjeldande. Nå er vegen vidare å få på plass ein reguleringsplan.
— Det er ikkje endring i traséval, men det må regulerast før bygging, seier Bergsvåg Ekrheim.
Den nye traseen vil enkelte stader berøra eksisterande bygningsmassar og privat grunn, og ved ei eventuell utbygging må det gjerast avtale med grunneigarar. Dette er også eit ledd i førebuingane før eit eventuelt arbeid kan ta til.
— Det har ennå ikkje vore inngått avtale med innbyggjarar, seier ho.
Står klar
Fredag blir Nasjonal transportplan lagt fram og med den vil det koma fram kor strekninga Bakka-Mo har fått plass i planperioden. I Statens vegvesen ventar dei spent på resultatet, og blir det tommel opp for første tidsperiode står dei klar til å bretta opp ermane.
— Det som er spennande er om det hamnar i første eller andre periode. Hamnar ein i første periode så er det eit signal til oss om at me startar planarbeidet. Me vil sjå på fredag før me konkluderer om me vil setja i gang nå eller om me må venta, seier prosjektleiar Kjartan Huse i Statens vegvesen.
Uansett kva resultatet blir på fredag er det ein del planlegging som skal på plass før det første spadetaket kan takast. Mellom anna må vegvesenet finna ut om dei sjølv har kapasitet til å ta tak i oppgåva eller om dei må leita opp andre aktørar som kan vera med.
— Først må me finna ut om me har ressursar sjølv, seier han.
Finansiering
Kven som til slutt endar opp med rekninga for utbyggingsprosjektet er ikkje heilt avklart, og verken ordføraren i Etne eller prosjektleiaren har fått noko signal om eventuell bruk av bompengar. Men Statens vegvesen har mottatt spørsmål relatert til alternative finansieringsmåtar.
— Eg er usikker på finansiering. Eg er ikkje kjent med at det er ein proposisjon om bompengar, men me har fått spørsmål om å sjå på bompengefinansiering, seier Huse.
Statssekretær Tom Kalsås (Ap) skriv i ein e-post til Grannar at nytt i komande NTP-en er at regjeringa presenterer ei 12-årsportefølje for Statens vegvesen, kor det er samsvar mellom kostnadane for å gjennomføre prosjekta i porteføljen innanfor planperioden og pengane som er sett av til dette.
— Innanfor porteføljen er det angitt nokre få prosjekt som er særleg prioritert, og som i utgangspunktet skal gjennomførast først. Med dette utgangspunktet er det Statens vegvesen som anbefaler i kva rekkefølge prosjekta i porteføljen som skal prioriterast, opplyser Kalsås.