Skjold Arena blei fullt opp av folk frå både Vats og Tysvær. Foto: Svein-Erik Larsen
Skjold Arena blei fullt opp av folk frå både Vats og Tysvær.

Næringsliv

Stor skepsis til storindustri

Tysdag presenterte AF Gruppen og Norconsult planane om utvida bruk av land og sjøareal til produksjon av vindmøller på Raunes i Vats på eit folkemøte. Cirka 200 i alle aldrar tok turen til Skjold Arena, men ingen ytra aktiv støtte til prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

— Viss vatsbuar og kommunestyrepolitikarar går med på dette blir eg sjokkert, sa Morten Ringe som har ein landstad i Vats med utsikt til Vatsfjorden.

Det heile starta med at John Roger Midtun og Eirik Lind Hånes frå AF Gruppen og Fride Spjelkavik Larsen frå Norconsult la fram planar, status per nå, og prosessen framover. Dei var tydelege på at ein førebels er i ein tidleg fase og at det er tid til å påverke.

Fride Spjelkavik Larsen frå Norconsult informerte om planprosessen.

I presentasjonane fortalde dei om historikken på området frå bygging til oljenæringa på 1980- og 1990-talet, basen i dag og planane framover. Sentrale punkt var kor godt egna Vats og området er til slik næring, høve for arbeidsplassar og ønske om god sameksistens med anna liv i Vatsfjorden og Yrkefjorden.

Meir om planprogrammet:

Applaus til kritikk

Etter presentasjonane blei det opna for spørsmål frå den så godt som fulle salen. Engasjerte personar med tilknyting til Vats, Tysvær og miljøvernorganisasjonar fekk svar frå John Roger Midtun, Eirik Lind Hånes og Cristian Trender frå Norconsult.

Ein av dei første som tok ordet var Asbjørn Nesheim. Han skulda AF for å ikkje ta omsyn til dei som bur i det aktuelle området og kalla planane ei rasering av fjorden. Innlegget fekk applaus frå store delar av salen.

Cristian Trender frå Norconsult (f.v.) og John Roger Midtun og Eirik Lind Hånes frå AF Gruppen svarte på mange spørsmål.

Janne Urdal Aursland løfta opp at det i seinare tid har blitt stilt stadig større spørsmål ved det økonomiske i havvindsatsting, og spurde om AF har vurdert å dra naudbremsen.

Midtun fortalde at dei aldri kjem til å starte på noko på rein spekulasjon, og at bygginga av vindmøller må vere knytt til konkrete prosjekt. Det blei fleire gonger understreka frå AF si side at ein i reguleringsplan jobbar med tilrettelegging av området, og at det også kan bli eigna til annan aktivitet. Lind Hånes trakk fram betong som ein moglegheit.

Det var eit breitt oppmøte av lokalpolitikarar frå både Tysvær og Vindafjord. Vatsbu Monica Nesheim (Vindafjord Sp) var den mest aktive i spørsmålsrunden. Etter at AF hadde fortalt litt om utkøyring av møllene frå fjorden, spurte ho om stemte at denne i hovudsak vil skje på sommaren når det er mest fiskeaktivitet der. Etter å ha forklart litt rundt montering bekrefta Lind Hånes dette. På eit seinare spørsmål frå ho forsikra Midtun om at det skal vere fri ferdsel for båtar heile året.

Kommunestyrerepresentant Monica Nesheim (Sp) engasjerer seg for kva som skal skje med Vatsjorden.

— Godt møte

Representantar frå både Motvind Norge og Norges Miljøvernforbund var tydelege i sin skepsis til prosjektet. Elin Magdalena K. Mæland frå Karmøy skulda AF for å ikkje sjå verdi i naturen. Etter møtet var ho glad for den store skepsisen i dei fleste innlegga.

Steinar Nesheim løfta problemstillinga om trafikk til og frå basen på Raunes. Han trakk fram viktigheita av dette i lys av Nausthaugen Barnehage på Åmsosen, kor det går føre seg ei ombygging for å få plass til alle barnehage barna i Vats. Lind Hånes svara at dette skal konsekvensutgreiast, men at han håpar at dei får til mest mogleg til sjøs. Spørsmålet om gang og sykkelsti kom også opp. Midtun, som er plassjef på basen i Vats, stilte seg bak dette ønsket.

Ingrid Ohm har hytte i Vatsfjorden og bur i Blikrabygda. Ho er skeptisk til planane.

Ordførar Monika Lindanger (H) i Tysvær og Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord sa til forsamlinga at dei var der for å lytte. Trass mange skarpe ord var det god stemning til slutt.

— Det var eit kjempebra møte med gode innlegg, sa Jon Roger Midtun i AF Gruppen.

Han trakk fram viktigheita av at mange deltok og synest det er kjekt at også mange lokalpolitikarar var til stades. Sjølv om det ikkje var nokon som tok ordet for å tale for planane er han sikker på at det også er ein del støtte til prosjektet. Han rosa saklegheita til innlegga som var skeptiske.

Tysvær-ordførar Monika Lindanger (H) tok turen over kommunegrensa.

AF Gruppen måtte tole mykje kritikk i løpet av kvelden. Etter møtet fekk dei ros frå Helene Bådsvik, Bjørghild Lunde og Kristoffer Tjeltveit i Vats Grendalag for å svare ærleg på spørsmål. Førebels held grendelaget seg nøytrale til planane, men på torsdag skal dei ha eit styremøte og diskutere saka nærmare.

Helene Bådsvik (f.v.), Kristoffer Tjeltveit og Bjørghild Lunde i Vats Grendalag synest det var eit godt møte.
Powered by Labrador CMS