Daniel Wiland håpar at Bakka-Solheim er med i NTP. Foto: Svein-Erik Larsen
Daniel Wiland håpar at Bakka-Solheim er med i NTP.

E134 Bakka-Solheim

Stort engasjement for ny veg

Fredag var ei rekke lokale lastebilar samla for å markere behovet for å få med Bakka-Solheim i Nasjonal transportplan (NTP) for 2025–2036. Daniel Wiland frå Etne er tydeleg på at dagens veg ikkje er god nok.

Publisert Sist oppdatert

— Det er kjekt å vere med å vise at det trengs ein breiare veg. Den me har i dag er for det meste for smal, seier Daniel Wiland.

Wiland har køyrd lastebil i fire år og køyrer for Etne Containerservice. For det meste køyrer han på Haugalandet, men det blir også nokre turar mellom Aust- og Vestlandet. Han har håp om at Bakka-Solheim skal komme med i NTP.

Bilete som pressmiddel

Haugaland Vekst hadde regien på aksjonen på E134 i Ølen og Etne. Det heile starta på parkeringsplassen til Fatland. Ein del lastebilar starta her, mens andre starta i Etne, slik at det blei kontrollerte møter for å illustrere situasjonar frå kvardagen i trafikken. Haugaland Vekst hadde med seg interesseorganisasjonen E134 Haukelivegen AS, som stilte med dronekamera.

— Me tar bilete for å vise Stortinget og regjeringa korleis vegen er i dag og behovet for Bakka-Solheim, fortel dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst.

Dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst (f.v.), Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og dagleg leiar Pål Kårbø i E134 Haukelivegen AS jobbar for at Bakka-Solheim skal bli prioritert.

Ordførarane Marte Eide Klovning (Utsira), Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Etne), André Mundal Haukås (Sveio) og Ole Johan Vierdal (Vindafjord) var med på aksjonen. Dei utgjer ei arbeidsgruppe i Haugaland Vekst som jobbar spesielt med å få Bakka-Solheim inn i NTP. Vierdal leiar gruppa og valte fire treffpunkt til aksjonen: Hiksdal, ein sving på Fikse, Håfoss bru og eit punkt i Stordalen.

Vegvesenet har allereie konkrete planar om å utbetre vegen mellom Etne og Ølen gjennom eit gul stripe-prosjekt finansiert av Haugalandspakken. I desse planane er det lagt opp til eit nytt Hiksdal-kryss. Lier meiner det likevel er relevant å vise fram Hiksdal i dag som eit treffpunkt, og vil at ein skal sjå heilskapen i presentasjonen.

Hiksdal var eit av treffpunkta aksjon brukte til å illustrere kor utfordrande det er fo to store køyretøy å møtast på dagens veg.

Kjempar til spaden står i jorda

Lier framhever viktigheita av vegen som ei hovudfertselsåre mellom Aust- og Vestlandet. Å få Bakka-Solheim inn i NTP er blant hovudprioriteringane til Haugaland Vekst for tida.

— Dagens veg held ikkje europavegstandard, seier den daglege leiaren.

Han meiner at det er viktig å sta saman for å vinne fram. Lier fortalde at regjeringa truleg legg fram sitt forslag til NTP 22. mars og at eit endeleg vedtak i Stortinget blir i medio juni. Konfrontert med om fredagens aksjon er i seinaste laget var Lier tydeleg på at slaget vil halde fram til stortingsvedtaket uansett kva regjeringa foreslår. Haugaland Vekst har ikkje fått noko signal om kva regjeringa vil gå for.

— Me håpar og trur at samferdselsdepartementet har den med, men me er klare til å kjempe fram mot vedtaket, seier Lier.

Det var stort engasjement og godt humør under pausen i Etne.

Han minner om at Statens vegvesen foreslo å ikkje prioritere prosjektet. På generelt grunnlag seier han at ein må kjempe til spaden er i jorda for å få realisert vegprosjekt.

Ordførarane Marte Eide Klovning (Utsira f.v.), Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Etne), André Mundal Haukås (Sveio) og Ole Johan Vierdal (Vindafjord) er med i ei gruppe som jobbar med å få Bakka-Solheim i NTP.

Mange heiv seg med

Etter at lastebilane hadde køyrt mellom Ølen og Etne var det eit felles stopp ved parkeringsplassen til Coop Extra i Etne. Her var det mat, kaffi og litt tid til prat om veg. Vêret spelte på lag og humøret til sjåførar og ordførarar var på topp. Lier summerte opp dagen så langt som fantastisk og rosa det store engasjementet.

— Me starta planlegginga med fire lastebilar. I dag er det 15-16 som er med, fortel den daglege leiaren.

Svein-Terje Brekke har køyrd stor bil sidan 1978.

Blant deltakarane var Nor-log-sjåfør Svein-Terje Brekke. Han har køyrd stor bil sidan 1978 og køyrer faste ruter mellom Haugesund og Åmot. Den verste delen på heile strekninga er ifølgje Brekke ved Håfoss. Opp gjennom åra har han vore med på fleire vegmøte og aksjonar. På fredag hadde han med seg Utsira-ordførar Marte Eide Klovning i lastebilen sin. Han synest det heile var ei topp markering og at det er bra med fokus på saka.

Powered by Labrador CMS