Biogass
Store ambisjonar for biogassfabrikken
Torsdag var Frank Nordmo frå det spanske biogasselskapet Heygaz på plass på Ølen Næringspark for å markere at dei blir hovudaksjonærar for Biovind AS, som skal bygge ein biogassfabrikk på industriområdet. Han trur fabrikken er gode nyheiter for mange i både Etne og Vindafjord.
— Fabrikken kjem til å skape store ringverknadar regionalt, sa Frank Nordmo, som er direktør for Heygaz i Nord Europa.
Nærleiken til substrat frå landbruket til produksjonen av biogass var ein av hovudgrunnane til at dei ønska seg ein fabrikk i Grannar-distriktet. Produksjon og frakt av substrat og bruk av biogassen ser han på som mogleg verdiskaping med fabrikken. Nordmo talfestar at nærmare 200.000 tonn substrat skal fraktast inn og ut i året.
— Energiinnhaldet varierer veldig mellom dei ulike substrata, så det vil vere viktig å sette saman ein riktig kombinasjon, samt gjere de nødvendige analysane av substrata opp imot riktig teknologival, fortalde han etter pressetreffet, kor han ikkje ville spekulere i kor mange arbeidsplassar det kjem til å bli på sjølve fabrikken.
Nordmo opplyste at eit tidlegare estimat har vist ein kostnad på 400 millionar på å bygge fabrikken, og at dei skal jobbe fram nye estimat framover.
Aldri aktuelt med to
I Biovind får Nordmo med seg Fernando Sarasola Jaudenes og Francisco De Asis Maza Luque som Heygaz sine representantar i styret. Han fortalde at dei har kjøpt opp nesten 70 prosent av selskapet. Grunnleggar Rune Furseth har nå omslag 14 prosent av eigarskapen, mens Biobonden AS har mellom seks og sju prosent og Nortura og Fatland har to-tre prosent kvar. Rune Sørheim vil helde fram som driftsleiar og Kjell Thomas Kirketeig som dagleg leiar. Johnny Ødegård kjem inn som prosjektleiar for fabrikken.
Heygaz blir eigd av den franske investeringsselskapet Infravia Capital, som også eig Gasnor. Heygaz eig også biogasselskapet Renevo, som har ein biogasstasjon på Stord. Nordmo fortalde at dei har planar om å nytte kompetansen og erfaringane frå desse selskapa i utviklinga av Biovind. Stasjonen i Ølen blir større enn den på Stord.
Spurt om det er fare for at det vil bli dårleg lukt i Ølen som følgje av fabrikken svara Nordmo at det er strenge krav frå myndigheitene som dei må forhalda seg til. Han viste til at dei tek med seg erfaringar frå Stord. Nordmo er Renevo som har bestemt seg for å droppe planane om å bygge eit biogassanlegg i Etne.
— Det var aldri aktuelt å bygge både i Etne og Ølen, fortalde Nordmo.
Det var ein lengre prosess med Biovind før dei enda opp som hovudaksjonær. Nordmo har merka seg at Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim ikkje var fornøgd med kommunikasjonen til Renevo. Han forklarar at det konfidensielle aspekt i prosessen med Biovind gjorde at formidlinga måtte vente. Sjølv om det ikkje blir fabrikk det er Nordmo tydeleg på at ringverknadane gjer at den også er bra for Etne.
Med på pressemøtet var også representantar frå Biobonden, Nortura, Fatland, bønder og Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal, som ønska dei velkommen på vegne av kommunen. Stemninga var god, og det reduserte eigarskapet verka ikkje å plage nokon.
— Det viktige for Nortura er ivareta bøndene. Dette er eit strålande prosjekt, sa fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg på Nortura sitt slakteri i Sandeid.
Ho omtala satsinga som berekraft av ypparste merke. Rune Furseth er i tillegg til sin attverande eigarpost i Biovind styreleiar i Biogass Energi AS, som skal byggja biogass-fyllestasjonar. Han fortalde at det førebels ikkje er signert nokon kontraktar mellom dei to selskapa.
Opning i 2026
I ei pressemelding før samlinga på Nerheim fortalde Heygaz og Biovind om prosjektet. Heygaz forklarar at dei blant to av Noregs største landbrukskommunar, Etne og Vindafjord, ønskjer å vidareføre ein regional satsing på ein biogassfabrikk i Ølen Næringspark. Dei viser til at industriområdet på Nerheim har strategisk nærleik til fleire av råstoffa som skal nyttast til biogassproduksjonen.
— Gjennom si investering i Biovind har Heygaz teke ein sentral posisjon i å leie prosjektet inn mot neste fase. Samstundes har det vore viktig å vidareføre partnarskapet med Biobonden, Nortura, Fatland og fleire på eigarsida, skriv Heygaz.
Dei siktar seg inn mot ei investeringsavgjerd før sommaren 2025 og start av produksjon i slutten av 2026.
Biovind blei grunnlagt i 2018 og har hovudkontor i Sandeid. Selskapet skriv at målet deira er å byggje ein regional fabrikk som fungerer som sentrum for sirkulær økonomi innan jordbruket. Fabrikken vil ifølgje selskapet bidra til å løysa problemet med regulering av gjødselhandtering og redusera CO2-utsleppa betydeleg frå landbruket.
— Biovind skal produsere over 80 gigawattimar (GWh) per år med flytande biogass (LBG), eit berekraftig alternativ til tradisjonelt drivstoff for tunge køyretøy og transport. Me har sikra råstoff frå 60 bønder, to slakteri og fleire andre potensielle leverandørar av ulike substrat, skriv Biovind.
Plassering nær både slakteri og bønder gjer det ifølgje pressemeldinga effektivt for lastebilar å levere gjødsel og returnere våt biorest tilbake til bøndene som biogjødsel.
— Biogassanlegget vil produsere flytande biogass som i dag kan erstatte bruken av konvensjonelt fossilt drivstoff til tyngre køyretøy, maritim næring og energi til industrien. Dette erstattar då fossil energi og reduserer utslepp relatert til desse, skriv selskapet.
I tillegg handterer anlegget store mengder biologisk avfall som gjennom prosessen blir omdanna til ein flytande biorest (biogjødsel). Gjennom denne prosessen fjernast store delar av fosfor, som i utgangspunktet er ei utfordring i regionen. I tillegg aukar konsentrasjonen av nitrogen. Dette gjer at bøndene får tilbake biogjødsel som er betre tilpassa lokale forhold enn det dei produserer sjølve.
Biogassfabrikken hentar også ut CO2 gjennom prosessen. Denne CO2-en blir fanga og er planlagt utnytta i lokal næring. Dette reduserer dagens behov for å kjøpe inn CO2 til regionen.
Anlegget vil også ta imot organisk avfall som passar inn i prosessen. Biovind skriv at dette vil hjelpe til med å løysa eit avfallsproblem for lokal næring og reduserer kostbar og forureinande eksport av avfall frå regionen, sidan det ikkje kan handterast lokalt slik det er nå.
Grannar opplyser: Britt Randi Stokkevåg er styremedlem i Grannar. Grannar er politisk uavhengig. Redaksjonen står fritt og redaktøren åleine svarar for alle redaksjonelle vurderingar.