Næringsliv
Torsdag blei det skrive krafthistorie i Åkrafjorden
Torsdag sigla ein lekter med ikkje mindre enn seks gravemaskinar og fire dumparar inn Åkrafjorden. Det markerte startskotet på det som kan bli kraft-investeringar på til samen ein milliard kroner i området.
Same dag vart det første spadetaket tatt for Djuvselva kraftverk i Åkrafjorden. Det markerte starten på bygginga av anlegget som Småkraft AS i februar 2022 fekk anleggskonsesjon for å byggje og drive.
— Truleg ein milliard
Nyleg melde Småkraft og SKL i ei felles pressemelding at det skal byggjast ut for til saman 700 millionar i området. Den røynde småkraft-utbyggjaren Egil Kambo i Kambo Energi AS, som av Småkraft AS har fått totalentreprisen på Djuvelva Kraftverk, trur dei totale investeringane til slutt vil nå milliarden.
— Dette er utruleg viktig for mange lokale underleverandørar i kommunen, seier han.
I Djuvselva er det til dømes Johs. Røgelstad Maskin AS i Skånevik som står for grunnarbeida, mens H-betong i Etne har fått betongarbeidet.
Djuvselva er det første av fem småkraftverk som skal byggjast ut langs fjorden. Anlegget i Djuvselva skal etter planen produsere 9,3 GWh årleg, noko som svarar til straumforbruket til 581 husstandar.
Seinare i år startar Kambo Energi utbygging av Eikemo kraftverk.
Langs fjorden har også Tøsse kraftverk, Miljateig kraftverk og Hetleflåt kraftverk alle fått grønt lys for utbygging av NVE. I tillegg har både Skromme, Kvernhushelva og Bordalen i Rullestad-området fått grønt lys for utbygging.