Vidar Aastvedt Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Vidar Aastvedt
Ein nyklipt sau med tvillingar i magen. Snart kjem dei til verda. Foto: Grethe Hopland Ravn
Ein nyklipt sau med tvillingar i magen. Snart kjem dei til verda.
Inne i sauefjøset er det rett før lemminga startar for fullt for Aastvedt. Det er lamma som nå skal bli fødde, som skal kløppast i september.
Vidar Aastvedt er leiar i Etne Sau og Geit.
Fatland Ølen-klippar Åsmund Kringeland i aksjon under 2021- NM i saueklipping der han gjekk heilt til topps og kvalifiserte seg også til VM. Foto: Gerhard Håkull
Fatland Ølen-klippar Åsmund Kringeland i aksjon under 2021- NM i saueklipping der han gjekk heilt til topps og kvalifiserte seg også til VM.
Gerhard Håkull har i følgje Vidar Aastvedt 10-12 NM-titlar i ullsortering. Arkivfoto
Gerhard Håkull har i følgje Vidar Aastvedt 10-12 NM-titlar i ullsortering. Arkivfoto

Fekk tilfeldigvis NM til bygda

Det var heilt tilfeldig at Etne blei tildelt NM i saueklipp og ullsortering komande september. Takka vera Vidar Aastvedt og Arnfinn Hustoft kan dei nå sjå fram til ei helg med tusen sauer og rundt 50 deltakarar.

Publisert Sist oppdatert

Vidar Aastvedt (63) har travle dagar. Ikkje berre er han travel gardbrukar som er midt i lemminga, men han er også leiar for Etne Sau og Geit og til hausten står han i bresjen for å arrangera NM i Etne. Då kan ein trygt seie det brakar laus i bygda, for samtidig som NM går av stabelen 27. og 28. september blir Bondens marknad også arrangert utanfor Etne senter.

— Det blir ei super helg med NM og marknad på laurdagen, og på søndagen blir det kåring av årets vêrlam. Det har før vore gjort i samband med marknadsdagen, men me har ikkje kapasitet til å få samkøyrt dette på same dag i år. Men det blir ei skikkeleg saue-helg med alt som høyrer med. Laurdagsgrauten for eksempel, den blir bytta ut med fårikål, så det er berre å gle seg, seier Aastvedt.

På sparket

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS