Ventetida kan bli lang når ein bur langt borte frå legen. Pensjonistforbundet forventar regelendringar for at pasientar ikkje skal vera overlatne til seg sjølve i timevis mens dei ventar på skyssen heim.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Forventar nye reglar for pasientreiser
Pensjonistforbundet forventar ei regelendring som gjer at pasientar slepp lang ventetid der dei er overlatne til seg sjølve.
– Det må bli enklare å bruka fornuft. Me ber om eit meir fleksibelt system, der ein kan ta omsyn til ulike behov og ulik geografi, seier forbundsleiar Jan Davidsen i Pensjonistforbundet i ei pressemelding.
Forbundet meiner at pasientforskrifta må endrast slik at transport til og frå behandlingsstad blir ytterlegare prioritert.