Kongen skal jobbe mindre – planlegg framleis besøk
Kong Harald er tilbake i jobb, men skal frå nå av jobbe mindre enn før av omsyn til alderen, opplyser Kongehuset. Ordførar Ole Johan Vierdal fortel at Vindafjord kommune førebels ikkje har fått noko signal om at dette går utover det planlagde besøket 30. mai.
— Dette vil innebere ein varig reduksjon i talet på og omfang av aktivitetar kongen deltek på, opplyser Kongehuset.
Kong Harald fekk i mars operert inn hjarteregulator ved Rikshospitalet i Oslo etter å ha vorte sjuk på ferie i Malaysia. Han har sidan vore sjukmeld.
— Hans Majestet Kongen er glad for å vere tilbake og ta opp att virket sitt, opplyser Kongehuset.
30. mai kjem kongeparet til Sjøperlo i Ølen som eit siste stopp på sin rundtur til fem kommunar i Agder og Rogaland, som dei tidlegare ikkje offisielt har besøkt. Det ligg ann til at kongeparet går i land med Kongeskipet på flytebryggene nær Ølen Senter. Ordførar Ole Johan Vierdal fortel at kommunen har tett dialog med Kongehuset og at dei så langt berre har fått beskjed om å helde fram med planlegginga.
— Me satsar på at det går som planlagt, seier Vierdal kort tid etter annonseringa måndag.
På tysdag skal formannskapet i Vindafjord ta stilling til kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag om å sette av 900.000 kroner til gjennomføringa av arrangementet.