Må betala 94.000 av eiga lomme
Gøril Frette (60) lever eit liv på hjul. Ikkje berre på grunn av rullestolen ho er avhengig av, men også fordi hennar mobilitet er avhengig av spesialtilpassa bil. Mellom anna firehjulstrekk. Det meiner HELFO ho må betala for sjølv.
Gøril Frette ser på seg sjølv som ekte etnebu, trass i at heimeadressa hennar dei siste 20 åra har hatt adresse Ølen. Likevel, ho er Etne-jente, seier 60-åringen. Ho er oppvaksen på Frette i Etne, har store delar av familien sin i Etne, ho har jobba i Etne og etter at ho blei heilt ufør har ho hatt både lege og fysioterapeut i Etne.
Gøril Frette er fødd med ryggmargsbrokk, og har i varierande grad vore prega av det heile livet. Fram til ho var 16 år gjekk ho som normalt, men ho har alltid måtta planleggja godt. Ho var heller inga fjellgeit» då ho var lita, men i 16-årsalderen blei ho avhengig av krykker, og i 25-årsalderen blei ho avhengig av rullestolen.
Same bil i 14 år