Jan Terje Rafdal fylte 50 år i april, og markerer samtidig 25 år som profesjonell kunstnar. No kjem han med fleire nye utgivingar.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kultur
Markerer 25 år som kunstnar
Etnekunstnar Jan Terje Rafdal, har blitt ein markant skikkelse i norsk kunst- og kulturliv, og i april jubilerer han på fleire måtar. For det første fylte han 50 år 10. april, og i tillegg markerer han 25 år som profesjonell kunstar med eiga jubileumsutstilling.
Den ferske 50-åringen har etterkvart markert seg som ein anerkjend norsk kunstnar i både inn- og utland, og kunsten hans er å finna på mange prominente stader. Mellom anna på statsministeren sitt kontor. I år feirar han 25 år som profesjonell kunstnar og dette blir markert med ei rekke arrangement og utgjevingar som understrekar hans betydelege bidrag til kunstverda.
Jubileumsutstilling
Den 25. april opnar Rafdal ei retrospektiv utstilling ved Dahl Rammeservice, staden der han først etablerte seg som kunstnar for 25 år sidan. Utstillinga har fått namnet Jan T. Rafdal – Retroperspektiv utstilling» og vil visa eit breitt spekter av hans arbeid, inkludert tidlege grafiske verk som lenge har vore oppbevart i arkivet hans. Desse verka, som inkluderer arkiv- og prøvetrykk samt nokre få ledige trykk frå tidlegare opplag, vil bli gjort tilgjengelege for publikum for første gong. Etter at trykkprosessen var fullført, blei dei originale platene destruerte, noko som gjer dette til ein unik moglegheit for samlarar og beundrarar av kunsten hans. Det er også laga nye jubileumsversjonar av to populære motiv.