Vindafjordhallen
Saknar støtte frå nabobygdene
Årsmøtet til Vindafjordhallen SA tysdag kveld var prega av god stemning og applaus. Likevel var det ein tydeleg irritasjon over kor aleine i kommunen bygda verker å stå i givarviljen til symjehallen og bygdahuset som er under bygging.
— Det har dessverre vist seg at det er ingen interesse for bedrifter i Vindafjord utanfor Vats til å sponse bygget, fortalde styreleiar Janne Urdal Aursland i Vindafjordhallen SA til dei frammøtte.
Dette skapte reaksjonar i gymsalen på Vats skule, kor 25 personar var til stades. Bjørn Steinar Nesheim utala at det er utruleg skuffande at bedrifter frå bygder som skal ta i bruk i den nye storstova sine fasilitetar ikkje har brukt ei krone. Han summerte det opp som skammeleg.
Fullfører løpet
Vindafjordhallen SA skal stå for drifta av bygdehusdelen av det nye bygget, mens Vindafjord kommune skal drifte symjehallen. I tillegg har samvirket fått i oppgåve å skaffe midlar for å halde kommunen sin eigenandel til bygginga nede i 48 millionar kroner.
Urdal Aursland minnast å ha fått ein telefon frå kommunedirektør Yngve Folven Bergesen med spørsmål om dei kunne klare å samle inn 20 millionar etter formannskapet sitt vedtak i juni 2023. Den gongen hadde politikarane håp om at noko av dette kunne bli finansiert gjennom dugnad, men med krava på byggeplassen har det vist seg å ikkje vere mogleg.
— Politikarane bomma på dugnad, som ein ikkje får gjere, og viljen til bedrifter i andre bygder til å vere med på spleiselaget, sa Urdal Aursland.
Sidan vedtaket har kutt i bygget under samspelsfasen og 3,38 millionar frå Rogaland fylkeskommune fått ned behovet for ekstern finansiering. Urdal Aursland rosa kommuneadministrasjonen for dette arbeidet og samarbeidet om bygget generelt. Ho viste ei oversikt over gåvene til samvirkeføretaket, som fekk applaus frå salen.
Totalt fekk dei 11,2 millionar i 2023. Styreleiaren omtala dette som fantastiske tal. Det har kome inn pengar i 2024 også. Gåvene varierte mellom pengar som kan brukast til byggefinansieringa og gåver til bygdehuset, samt Hatteland sine tre millionar øyremerka til ei sklie i bassenget. Vindafjordhallen SA har per dags dato rett over 4,4 millionar til sin del av bygginga. Styreleiaren fortalde at dei held fram finansieringsarbeidet og har søkt støtte til neste utdelingsrunde hos Sparebankstiftelsen SR-Bank. Seinare informerte prosjektleiar Frode Eike om at kommunen kjem til å søke fylket om 1,7 millionar 1. mai.
På årsmøtet blei heile dagens styre valt til å halde fram. Styreleiar Urdal Aursland har med seg Øyvind Nordtveit, Irene Haraldseid, Jarle Skrunes, Martin Gjerde, Karin Frøland og May Hilde Nesheim. Styreleiaren fortalde at ho vil stå ut løpet med gjenreisinga av storstova der den gamle Vindafjordhallen stod fram til brannen i 2019, og at det kanskje kan vere andre som er betre til å overta når driftsfasen kjem.
Vil tilsette leiar
I tillegg til finansieringa fortalde Urdal Aursland om korleis det nye bygget skal bli og viste illustrasjonar. Blant anna skal bygdahuset ha ein mobil scene og eit storkjøkken, kor dei håpar å få inn ein kokk som potensielt kan drive med catering og liknande. Dei ønskjer å gjere kafeteriaen til eit treffpunkt.
Etterkvart gav ho ordet vidare til prosjektleiar Frode Eike i Vindafjord kommune. Han starta med å rose styret i Vindafjordhallen SA for eit formidabelt arbeid. Så gjekk han gjennom prosessen frå kontraktssignering med totalentreprenøren GL Prosjektservice og utviklinga på byggeplassen veke for veke. Utfordringar med funn av forureina massar i grunnen og berg har gitt totalentreprenøren litt lenger leveringsfrist, men målet er framleis å halde planlagt ferdigstillingsdato 30. april 2025.
Eike fortalde at bassenget vil bli fire meter djupt på det djupaste. Treningsbassenget vil vere 28 grader varmt, mens opplæringsbassenget blir 34 grader. Han opplyste at kommunen snart skal lyse ut ei stilling som dagleg leiar av bassenget med sikte på tilsetting i løpet av hausten.

Illustrasjon av symjehallen og bygdahuset i Vats.
Illustrasjon: HLM Arkitektur