Astri Håkull (f.v.) og dottera Tomine, Sandra Kaldheim og dottera Selma, og Drude Simlenes og sonen Milo gler seg til dei nye leikeapparata er på plass. Foto: Svein-Erik Larsen
Astri Håkull (f.v.) og dottera Tomine, Sandra Kaldheim og dottera Selma, og Drude Simlenes og sonen Milo gler seg til dei nye leikeapparata er på plass.
Sandra Kaldheim (f.v.), Astri Håkull, Atle Miljeteig, Gunhild Skeie og Raymond Bjørkhaug. Foto: Svein-Erik Larsen
Sandra Kaldheim (f.v.), Astri Håkull, Atle Miljeteig, Gunhild Skeie og Raymond Bjørkhaug.
Frå leveringa av betongrøyra sist veke. Foto: Privat
Frå leveringa av betongrøyra sist veke.
Raymond Bjørkhaug i sluttfasen av grunnarbeidet. Foto: Svein-Erik Larsen
Raymond Bjørkhaug i sluttfasen av grunnarbeidet.
Mykje av uteområdet ved barnehagen har vore eit anleggsområde den siste tida. Foto: Svein-Erik Larsen
Mykje av uteområdet ved barnehagen har vore eit anleggsområde den siste tida.
Uteområdet skal bli som nytt. Foto: Svein-Erik Larsen
Uteområdet skal bli som nytt.
Dette røyret blir ein del av ei ny sykkelløype. Foto: Svein-Erik Larsen
Dette røyret blir ein del av ei ny sykkelløype.

Foreldre med skippertak for barnehagen

Foreldre har på dugnad fullført grunnarbeidet til det som skal gi nytt liv på uteområdet til barnehagen på Sandeid oppvekstsenter. Nå håpar dei at leikeområdet skal bli til eit topp samlingspunkt.

Publisert Sist oppdatert

— Me vil vise Sandeid frå si beste side, seier Gunnhild Skeie i foreldregruppa i Sandeid barnehage.

Atle Miljeteig og Raymond Bjørkhaug var ute og gjorde det avsluttande grunnarbeidet før leverandøren kan komme å montere nye leikeapparat om to veker. I tillegg til Skeie var også Drude Simlenes, Sandra Kaldheim og Astri Håkull frå foreldregruppa på plass. Dei er einige i at uteområdet er kjempeviktig for barna både mens dei er i barnehagen og på fritida.

Det har skapt frustrasjon i Sandeid at øydelagde leikeapparat ved barnehagedelen av oppvekstsenteret har blitt fjerna utan å bli erstatta. Skeie omtalar området før prosjektet som nitrist med lite som er bygd for leik og moro.

Sandra Kaldheim (f.v.), Astri Håkull, Atle Miljeteig, Gunhild Skeie og Raymond Bjørkhaug.

Breitt spekter

I november begynte foreldregruppa, med Fokus Sandeid i ryggen, å jobbe med eit større prosjekt som skal gjere uteområdet som nytt. Nå har dei investert i eit større multileikeapparat, tumleplass, leikehytte, klatrehaug med tunnel, rushebane, bålhus og ei sykkelløype med utgangspunkt i røyr. Bålhuset skal byggjast på dugnad, og vil i tillegg til huset sin funksjon bidra med etterspurt skugge når det er på sitt varmaste om sommaren. På vinteren vil truleg ein skråning som blir lagt til rette for aking bli populær blant barna.

Kostnaden på prosjektet er rett under ein million kroner. 250.000 av dette kjem frå Vindafjord kommune sin pott på to millionar til uteområde på kommunale skular og barnehagar for 2023. Resten har foreldregruppa finansiert gjennom gåver og dugnad.

Dette røyret blir ein del av ei ny sykkelløype.

Faktumet at prosjektet skjer på kommunal grunn gjer at dei ikkje har kunne søkt om spelemidlar og har fått avslag frå bankstiftingar. Følgeleg har dei vore heilt avhengig av støtte frå bedrifter og lag, som forutan pengar har bidratt med utsyr. Sjølv om dei har gitt, har sponsorane vist til at området er eit kommunalt ansvar. Foreldregruppa er einige i det, men dei legg likevel villig ned tid og innsats i prosjektet.

— Me gjer dette for barna våre, ikkje kommunen, seier Skeie.

Ho understrekar at dei er veldig takknemlege til alle som har donert. Under arbeidet har foreldre gått gjennom forsking på betydinga av eit uteområde for barnehagebarn. Astri Håkull eksemplifiserer med utfoldinga og meistringskjensla barn kan oppleve på eit godt uteområde.

Mykje av uteområdet ved barnehagen har vore eit anleggsområde den siste tida.

Vil gjere området komplett

Det dugnadsbaserte grunnarbeidet og klargjeringa til montering starta tysdagen etter påske, og laurdag var ein større gjeng med. Blant oppgåvene dei har gjort er utgraving, oppmåling, støyping og forskaling. Foreldregruppa roser arbeidsgjengen.

— Dei er veldig positive og stiller om det dukkar opp utfordringar, seier Håkull.

Raymond Bjørkhaug i sluttfasen av grunnarbeidet.

Ferdigstillinga av prosjektet vil avhenge av vêr, levering og montering, men foreldregruppa har håp om at dei nye apparata skal kunne bli tatt i bruk i løpet av mai. Drude Simlenes vil at dei eldste barna skal få oppleve eit godt uteområde før dei begynner på skulen til hausten.

Sjølv om dei sjølv har brukt uteområdet ved barnehagen mykje allereie, trur foreldregruppa det ligg eit uforløyst potensiale i det som samlingsplass. Skeie viser til effekten det nye området til skulen har hatt, mens Håkull trekk fram at bålhuset kan brukast av alle og gjer at uteområdet kan brukast heile året.

Frå leveringa av betongrøyra sist veke.

For å få til ein siste prikk over i-en har foreldregruppa starta ei Spleis-innsamling for uteområdet. Skeie understrekar at dei store prosjekta er fullfinansierte, og at dette er midlar til å gjere området komplett med blant anna maling og syklar til sykkelløypa. Per måndag ettermiddag har 48 givarar gitt 16.750.

— Me er takknemlege for alt som kjem inn. Med litt til får me kanskje kjøpt nokre nye syklar til å bruke i sykkelløypa og litt nye uteleiker, seier Sandra Kaldheim.

Uteområdet skal bli som nytt.
Powered by Labrador CMS