Foto: Svein-Erik Larsen
Illustrasjonsfoto: Svein-Erik Larsen

Traktor-uhell i Skånevik

Ein traktor skal ha køyrd inn i ein lyktestolpe. Då naudetatane kom fram var traktor-føraren borte.

Naudetatane har rykt ut til ei hending i Skånevik tysdag ettermiddag.

Politiet fekk like etter klokka 13 melding om ein traktor som har køyrd inn i ein lyktestolpe.

Ifølgje operasjonsleiar Roger Litlatun ved Sør-Vest politidistrikt fann ikkje politiet nokon førar av traktoren då dei kom fram.

— Me har ei formeining om kven som har køyrd traktoren, og prøver no å kome i kontakt med vedkommande for å sjekke eventuell personskade, seier han til Grannar klokka 13.35.

Like før klokka 14 melde politiet at dei hadde kome i kontakt med førar eit stykke frå ulykesstaden. Vedkommande hadde tilsynelatande ubetydelege skadar, men blei tilsett av ambulanse.

Det skal vere større materielle skadar både på traktor og på lyktestolpen som er påkøyrd.

Like over 15.30 opplyser operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt at det er rydda på staden. Traktoren står igjen skal hentast av Bergingssentralen seinare, men er ikkje til hinder for trafikk. Føraren blei undersøkt av legevakta. Steinkopf fortel at politiet opprettar sak med mistanke om ruskøyring.