Kvinnefotballen er også på veg opp og fram. Her har 18-årige Kristine Hustveit Nybru frå Vikedal vist veg, først ved å etablere seg som toppseriespelar på Avaldsnes, og no som ei viktig brikke i nysatsinga i FK Haugesund. På same lag markerer Solfrid Hetleflåt Bråthen frå Etne seg med stadige skåringar for klubben som har opprykk til toppserien som mål. Også liker vi å gjere Vålerenga-proff og landslagsprofil Karina Sævik til «vår». Ho er jo tross alt sambuar i Etne, og mora er kommunalsjef i Etne kommune.
Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar. FOTO: RINA ASPMO
Men kva er stoda for seniorlaga her inne? På kvinnesida er det Skjoldar som har «dominert» med sitt lag i 4. divisjon dei siste åra, men som har vore i tvil om dei ville ta eit opprykk om dei fekk mogelegheita. I år har dei fått ein sportsleg konkurrent i samarbeidslaget Etne/Ølen. Men ingen av dei er så langt nær noko opprykk.
På herresida er det ikkje noko betre. Etne IL var rett nok nær ved å rykke opp til 4. divisjon for nokre år sidan. Men i dag er dei tabelljumbo i 5. divisjon. I kveld ventar «årets høgdepunkt» for mange. Lokaloppgjeret Etne-Ølen. Det er altså høgdepunktet. Ein jumbofinale i 5. divisjon. Hallo. Det får då vere måte på kor beskjedne fotballherrane i Grannar-distriktet skal vere.
Det er på høg tid at fotballleiinga i lokale idrettslag set seg ned og tenker litt visjonært, ikkje minst for å gi ungdommen dei elles jobbar hardt for å gi eit tilbod også skal få noko lokalt å strekke seg etter. Her må det truleg eit samarbeid på tvers av kommunegrenser og grender til, for å i det minste skape eit stabilt A-lag i 4. divisjon. Det bør vere overkommeleg sjølv om mange spelarar reiser vekk for å studere og jobbe. Men med ein god og berekraftig sportsleg plan, helst både for menn og kvinner, bør det også vere mogeleg å få nokre av distriktets rike onklar med på laget til å fikse økonomien i eit slikt attraktivitetsprosjekt.
Torstein Tysvær Nymoen
Ansvarleg redaktør
debatt@grannar.no
Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no
Les meir debatt her.