Det nye flotte bassenget i Skånevik er bygd på dugnad.
FOTO: PRIVAT
Bygda må spare på vatnet: — Ikkje bassenget si skuld
Folk i Skånevik blir oppmoda til å spare på vatnet. Styreleiaren i vassverket avviser spekulasjonar om at det har noko med det nye utandørsbassenget i bygda å gjere.
Grannar publiserte sist helg ein artikkel som handla om at innbyggarar i Skånevik blei oppmoda om å spare på vatnet i tørketida me er inne i. I den samanheng har avisa fått spørsmål frå lesarhald om oppmodinga kan samanheng med at det nye bassenget, Sjøkanten Trivsel, som snart skal opne, og no er fylt opp med vatn.
Frå same kjelde
Styreleiar Kenneth Karlsen i Skånevik Vassverk stadfestar at bassenget får vatn frå same kjelda som innbyggarane elles, men avviser at oppmodinga som har gått ut har noko med bassenget å gjere.