Brannberedskap
DSB seier kommunen må følgja opp
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gått gjennom brannordninga i Etne og seier at det er problematisk når ei brannordning blir vedtatt utan at kommunen følgjer opp med økonomiske løyvingar.
I eit brev frå DSB til Etne kommune i april kom DSB med ein del kommentarar til dokumentasjonen av brann- og redningstenesta i Etne. Dei har notert seg at brannordninga blei vedtatt i kommunestyret i juni 2023, og at det dermed er lagt eit nivå for brann- og redningsvesenet i dokumentasjonen og i dei tilhøyrande analysane som etter det dei får opplyst ikkje blir følgt opp i budsjettet for 2024.
DSB skriv at det er problematisk når det blir vedtatt ein brann-dokumentasjon som ikkje blir følgt opp med økonomiske løyvingar. Det er då dokumentert og bestemt at kommunen skal ha eit betre brann- og redningsvesen enn det kommunen faktisk har.
Forventingane til brann- og redningsvesenet vil også vera høgare enn det personalet vil få rammer til å kunne levera.