At redaktøren forsøker å kritisere Skjoldar sitt kvinnelag for å ikkje ønske opprykk, viser vel gjerne manglande forståelse og langsiktighet. Skjoldar har gjort ein kjempe jobb rundt kvinnefotballen, der dei fleste klubber sliter med å stille lag har Skjoldar klart å skape eit stabilt lag. Klubben har funnet eit nivå som skaper meistring og trivsel, som førre til at dei stille opp til ny sesong år etter år! All ære til Skjoldar og Skjoldar-damene for dette.
At det skal vere eit stort mål om å spille i 4. divisjon, har eg litt vanskar med og forstå. Det er nok av lag som har «satsa» i 4. divisjon, som nå har store problem med å halde seg flytande i etterkant. Det handlar om å skape engasjement og tilhøyring til sitt lag, og da er ikkje 5. eller 4. divisjon det som vipper pinnen.
Her i distriktet handlar det om å skape eit godt og ikkje minst eit stabilt tilbod. Og da gjelder det å ha litt bakkekontakt, å sørge for å finne eit nivå som flest mogleg kan trivast på. Grannekameratane har alt vore prøvd, når alt var rosenrødt flaut det fint. Men i litt mot gang, trengest det gjerne litt eigarskap og tilhøyring.
Jumbofinalen samla 225 tilskodarar i Etne, og skapte nok mange gode diskusjonar rundt lunsjbordet rundt om både før og etter kampen. Eg trur ikkje det hadde endra seg nemneverdig om det var ein 4. divisjonskamp. Om me ser i arkivet til Grannar, så kunne Grannekameratane bare drøyme om slike tilskodartal i 4.div.
Om redaktøren har behov for å sjå rike onklar leke med fotball, kan eg anbefale Manchester City, PSG eller Saudi Pro League. Men fotballherrane i grannar distriktet består stort sett av jordnære folk som ønsker å skape gode lokal samfunn, med eit godt tilbod til alle. Dette er heldigvis noko distriktets rike onklar er flinke til støtte opp om!
Skulle Grannar ønske å høyre om fotball visjonar er dei hjarteleg velkomen til SR-Bank Stadion. Her er det som regel fullt kjør frå klokka 16 til 22 kvar dag.
Mats Årvik
Stolt fotballherre i Ølen IL
debatt@grannar.no
Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no
Les meir debatt her