Matias Vårvik Staknes frå Vikedal er klar for oppvising i Ølen under kongebesøket.Foto: Sondre Mosdal
Matias Vårvik Staknes frå Vikedal er klar for oppvising i Ølen under kongebesøket.

Kongebesøket

Gardisten får opptre på heimebane

I snart eit halvår har Matias Vårvik Staknes (20) frå Vikedal vore ein del av Drilltroppen i Hans Majestet Kongens Garde. Nå ser han fram til å få opptre under kongebesøket i heimkommunen.

Publisert Sist oppdatert

Kongebesøket

30. mai kjem kongeparet til Vindafjord

Du kan følgje besøket live på grannar.no

Tips oss om saker me bør skrive om i samband med den store dagen, og del dine bilde med lesarane: tips@grannar.no eller MMS 975 70 789

Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff

Les alt om kongebesøket her:

Kongebesøket

— Eg gler meg til å koma heim og visa kva eg driv med. Ikkje alle er så heldige å få koma heim å visa kva ein jobbar med. Dette blir veldig kjekt, seier Matias Vårvik Staknes.

Som ein del av Hans Majestet Kongens Garde har han i oppgåve å representera det norske forsvaret, og når kongen legg ut på sin rundtur i Rogaland er Kongens Garde ein del av programmet.

Les alt om kongebesøket i Vindafjord: Kongebesøket

— Framover blir det norgesturen. Me reiser ned mot Sørlandet der me heng oss på kongen og dronninga sine besøk. Siste dagen er me i Ølen der me skal ha oppvisning, seier han.

Matias Vårvik Staknes frå Vikedal.

Lang trening

20-åringen frå Vikedal starta si militærteneste i oktober i fjor, og etter å ha sett Kongens Garde i aksjon bestemte han seg for senda inn ein søknad til drilltroppen. Drilltroppen i Hans Majestet Kongens Garde blir rekna som ein av verdas beste innan sitt fagfelt og kampen om plassane er knallhard. Alle søkjarar må gjennom omfattande testar både psykisk og mentalt, og berre det beste slepp gjennom. Både menn og kvinner kan søkja, men kravet er at ein er minst 170 cm høg. Høgdekravet er av omsyn til tryggleiken, då det seks kilo tunge våpenet dei ber er ekstra langt.

— Me var 100 søkjarar i starten. Me måtte gjennom ein seleksjonsprosess og nå er me 39. Nesten alle er menn, men i år har me ei jente med. Ho er den andre jenta i historien, fortel Staknes som i desember kunne han kalla ein del av drilltroppen.

Sjølv om opptakskrava var harde, venta enda hardare testar og lange økter med trening.

— Det har vore utfordrande. Me måtte gjennom ein test på 36 timar utan søvn og med lite mat og drikke der me mellom anna skulle drilla, bera vekter, gå opp på eit fjell og springa. Og me har eit drillprogram me må læra. Hovuddrillen me går varer ein halv time, og det tok lang tid for å læra det. Me øvde rundt 10 timar kvar dag frå desember til påske, seier han.

Og når dagens treningsøkt eller oppvisning er over står andre faste oppgåver i Huseby leir i Oslo, der drillkorpset er innkvartert, for tur.

— Det er lange dagar med trening og der er mykje å gjera etter tenesta. Me skal rydda skap, stryka uniform og halda det reint der me bur. Me får inspeksjon tre gonger om dagen. Alt skal vera perfekt og ekstra reint. Men eg trivst sjølv om det mange gonger er travelt og krevjande, seier Staknes.

Hans Majestet Kongens Garde Drillkorps i aksjon.

Oppvising

Etter månader med knallhard trening og når drillprogrammet set som det skal, er korpset klar for oppdrag. Rundt juletider står gudsteneste med kongefamilien på programmet, og når kongen ventar statsbesøk er Kongens Garde klar til innsats. Norsk Militær Tattoo er eit årleg arrangement der drillkorpset er sjølvskrive og på nasjonaldagen stiller dei opp i hovudstaden for å visa sine drillkunster til folket.

— Me har nyleg også besøkt alle sjukehus i Oslo der me har drilla for barn og vaksne som ikkje får oppleva 17. mai, og då kongen av Danmark var på besøk gjekk me oppvisning på operataket, fortel drillmeisteren frå Vikedal.

Etter kongebeøket i Rogaland står kongens inspeksjon på timeplanen, før turen går til Danmark, Sverige og Finland.

17. mai var Drillkorpset på plass i Oslo.

Vegen vidare

Før han søkte seg til drillkorpset var Staknes ein ivrig volleyballspelar med volleyballskule på Sand og eitt år i eliteserien i bagasjen. I september er tenestetida i forsvaret over, men kor vegen går vidare har han ikkje heilt bestemt.

— Først skal eg jobba litt. Eg har ikkje bestemt meg om eg skal satsa på volleyball eller om det blir ei karriere i forsvaret. Det er mange moglegheiter i forsvaret og dersom ein går krigsskule får ein kontrakt til ein er 60 år, seier 20-åringen.

Powered by Labrador CMS