Jan Børretzen (t.v.), Lars Kristian Kikkan» Vestbø, Ingvar Gjærde og Anita Skeie i Fokus Sandeid inviterer til stolpejakt.
FOTO: PRIVAT
Sandeid først ut med populært tilbod
Frå onsdag denne veka kan du gå på stolpejakt i Sandeid. Bygda er først ut i Grannar-distriktet med å tilby den populære aktiviteten.
Stolpejakt er ein aktivitet som skal fremme folkehelsa, opplyse om kultur og nærområde og gi inspirasjon til utandørs aktivitet. Deltakarane bruker ein mobilapp for å finne og skanne ein QR-kode på stolpane. Det finst fleire enn 200.000 stolpejegerar i meir enn 160 kommunar i Noreg. Berre i 2022 blei det avlagt 16,1 millionar stolpebesøk i Noreg.
Og no kjem altså tilbodet til Vindafjord.
— Ideen blei lufta på årsmøtet i mars, og me har sidan då valt ut 50 punkt, og plotta dei nokså nøyaktig inn på kart i det digitale Stolpejakt-systemet, opplyser initiativtakar og styremedlem i Fokus Sandeid, Anita Skeie, i ein e-post til Grannar.