Blomsterbarna Aarib Ægir Khan (7) og Elina Kambe Johannson (10) frå Ølen. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Blomsterbarna Aarib Ægir Khan (7) og Elina Kambe Johannson (10) frå Ølen.

Kongebesøket

Gler seg til å møta kongen

Kongebesøket blir ekstra spanande for 7 år gamle Aarib Ægir Kahn og Elina Kambe Johannson (10) frå Ølen. For når kongen og dronninga stig i land er det dei to unge elevane ved Ølen skule som skal levera blomster til kongeparet.

Publisert Sist oppdatert

Kongebesøket

30. mai kjem kongeparet til Vindafjord

Du kan følgje besøket live på grannar.no

Tips oss om saker me bør skrive om i samband med den store dagen, og del dine bilde med lesarane: tips@grannar.no eller MMS 975 70 789

Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff

Les alt om kongebesøket her:

Kongebesøket

— Det skal bli veldig kjekt, seier Aarib Kahn og Elina Kambe Johannson og gler seg skikkeleg til dei skal vera med å helsa kongeparet velkomen til Ølen.

Dei to unge blomsterbarna har ikkje tenkt så mykje over kva som skal skje på den store dagen, men at det skal bli spennande å få levera kvar sin blomsterbukett til dei kongelege gjestene er dei einige om.

Les alt om kongebesøket:

Ventar mykje folk og utfordringar med parkering

Gardisten får opptre på heimebane

Klar for kongeleg feiring

Skal halde tale til kongeparet

Små majestetar i barnehagen

Programmet for kongebesøket

— Me har ikkje øvd noko ennå og me er litt spente. Men me veit at me skal møta tidleg og me skal pynta oss litt, seier Elina som har funne fram bunaden for høvet.

Loddtrekning

At det blei Aarib frå andre klasse og Elina frå femte klasse som skulle få den store æra var heilt tilfeldig. Alle elevar i første til sjuande klasse ,som hadde eit ønskje om å vera blomsterbarn underkongebesøket, kunne bli med i ei loddtrekning på skulen.

— Nesten halve skulen ville vera med på loddtrekninga. Resten av klassen blei litt misunneleg når eg blei trekt ut, seier Elina.

Song

Sjølv om ikkje alle elevane får møta kongen og dronninga personleg, blir det nok mogleg å få eit glimt av dei prominente gjestene.

— Alle skulane i Vindafjord skal syngja. Me skal syngja Vestlandet og Liten fugl, og me har øvd masse, seier dei.

Powered by Labrador CMS