Snart er Grannarblomen, ein sommarserie kor me heidrar frivillige sjeler i Etne og Vindafjord tilbake i spaltene.
Ein gong i veka vil me dele ut ein flott blomsterbukett. Dette for å gjere stas på, og skrive om, dei som utan å krevje noko for det bidreg til at livet for enten enkeltmenneske eller heile lokalsamfunn blir lysare.
For å finne fram til personar som fortener Grannarblomen treng me di hjelp!
Nominér din kandidat til Grannarblomen ved å skrive namn og nokre ord om kvifor du meiner han eller ho fortener å bli heidra for innsatsen sin.
Send inn dine forslag til oss på e-post til tips@grannar.no eller som SMS til tipstelefonen 975 70 789.
Sjå kven som fekk Grannarblomen i fjor:
Kjersti Skogen frå Ølen har bidrege som kjøkkensjef på Etnecupen i over tjue år.
Ståle Jamne mottok Grannarblomen for stor innsats i Skjoldar IL.
Ekteparet Aud Jorunn og Pål Atle Baustad har stått på for lokalsamfunnet i 30 år, og var blant dei som fekk Grannarblomen i fjor. No kan du nominere nye kandidatar som fortener ei merksemd for innsatsen dei gjer. FOTO: Ragnhild Kristine Løkken
Øyvind Blikra har vore teknisk sjef bak Vikedal Roots Music Festival i mange år. Denne veka mottak han Grannarblomen. FOTO: Ragnhild Kristine Løkken
Anna Klette Steinsland (42) er ivrig på å driva på med dugnad i Bjoa og resten av kommunen, og fekk denne veka Grannarblomen.
FOTO: Ragnhild Kristine Løkken
Skånevikbuane Heidi Wannberg og Ole Funderud har bidratt mykje i prosessen med å få eit ute-basseng i bygda si. Denne veka mottok dei Grannarblomen. FOTO: Ragnhild Kristine Løkken