Næringsliv
Gründerar i fokus på Olalia
Næringsgiv 2024 var på same lest som seinare år, og kvifor endra eit opplegg som det lokale næringlivet finn seg godt til rette med. I år var det ikkje minst fokus på det å starta ei verksemd frå grunnen.
Anette Lauareid Hovda opna samlinga som samla rundt 90 personar frå det lokale næringslivet og offentleg verksemd. Deretter fekk Arne Hjeltnes leia seminaret i år igjen.
Først ut var utflytta skåneviksbu Svein Arne Åsheim som fortalte interessant om korleis det er å vera livvakt for regjering og storting. Jobb i PST har gjerne ikkje så mykje likskap med jobb i næringslivet, men Åsheim fortalde på ein engasjerande måte interessant ikkje minst om oppdraga hans i muslimske land.
Mange vart nok litt overraska av å høyra Åsheim seia at nå som valkampen snart byrjar er det ei travel tid for PST og hans leiande funksjon der.
Ung avfallsgründer
Kontrasten til neste aktør var stor. Det var Ingeborg Johansen frå Etne som då tok podiet med sin spesielle gründeridè om å bruka fuglar som kråke og skjor til å plukka søppel. DeBoss heiter konseptet hennar. Det heile starta med hennar spesielle interesse for dyr, kombinert med at ho alltid går rundt med idèar i hovudet.
— Det byrja med ei sterk interesse og omtanke for dyr, fortel Johansen.
Ho viste ein film som viste korleis repeterande ting gjer at fuglen forstår at å sleppa utlagte objekt ned i eit hol, så kjem det premie ut i form av ein matbit. Det er ein sensor i holet som utløyser dette.
Å få det til eit levebrød er fokus i ei slik forsamling, og ho kunne fortelja at ha har pilotanlegg ståande på forretningstak i urbane strøk.
Det var godt med pausar slik at folk kunne mingla ute i sola. Sjølv middagen på slutten av seminaret var utandørs. Som vanleg stod Jurgita Folkedal og Roy Martin Øyjord med hjelparar med mat på høgt nivå.
Hjeltnes-intervju
Det var nettopp Øyjord som var ein av tre på podiet etter første pause med baguettar av det slaget ein ikkje får kjøpt kor som helst. Arne Hjeltnes hadde samtale med Øyjord, Anne Åsheim Stople og Larsen, frå høvesvis Skakkelaks i Etne, Hans og Grete i Ølen og Larsen Bakeri i Skånevik.
Dei to sistnemde er detaljistar innan høvesvis klede og bakeri/kafè. Skakkelaks opererer både som detaljist, men ikkje minst med sal til butikkleddet. Hjeltnes fekk godt fram kva slike næringsdrivende har av utfordringar, og det kokte nok ned til at på bygda kan ein ikkje konkurrera på pris. Det er kvalitet, service og lojalitet som gjer at dei år etter år får det til å gå rundt.
Komikar Rune Bjerga frå Stavanger, med sterke band til Sandeid og Etne, fekk så ordet. Ein komikar har ikkje lett for å snakka om alvorlege ting som korleis det er å driva med humor som forretning, men mellom gapskratt frå publikum og stikk til Håvard Matre fekk han inn nokre gode bodskap om korleis han organiserer seg etter å ha levd av humor sidan 2009. Den tidlegare eigedomsmeklaren driv med humor gjennom firmaet Lampefeber AS som han kontrollerer 75 prosent.
Han fortalde at det er ei kjensgjerning at innan nokre kulturfelt har det vore 30-40 prosent nedgang i omsetninga etter pandemien. Han fortalde òg at Lampefeber har tatt vikedalsbuen Henning Aarekol inn i stallen, og at det er ein ting dei har stor tru på.
— Det vil ha god innverknad for ein gründer om folk er rause med skryt, seier Bjerga.
Ei slags rosin i pølsa var til slutt utdelinga av dei to prisane for årets bedrift og årets gründer. Dagleg leiar Sindre Matre og styreleiar/hovudeigar Jarle Matre tok imot prisen for at Arriva Shipping AS i Ølensvåg er årets bedrift. Årets gründer er Egil Kambo med sitt Kambo Energi AS som byggjer småkraftverk med stor suksess.