Kongebesøket
Klare til festdag
Onsdag ettermiddag er scenen på plass, og dei ansvarlege er i gang med siste innspurt i å rigge til kongeparet sitt besøk i Ølen. Marthe Fosse, Marit Særsten, Reidun Sørhus Skjold og Anne Brit Nesheim ser fram til å vere vertskap.
— Det er utruleg kjekt å endeleg få kongen på besøk, seier Anne Brit Nesheim.
Onsdag pynta ho, Marthe Fosse, Marit Særsten og Reidun Sørhus Skjold scenen ved Sjøperlo med blomar og flagg. Dei jobbar alle i Vindafjord kommune. Under besøket torsdag blir dei vertar. Dei er samstemte i at det blir ein spennande dag.
Onsdag er det gjort mykje arbeid med å få plass både scene og kongetribune. Den eine innkøyringa til Ølen Senter er stengt av.
Stort lag
Selskapet Grex styrer det tekniske under kong Harald og dronning Sonja sitt besøk i Ølen. Produsent Eivind Fiksdal er sjef for riggejobben, biletregi, kven som slepp inn og ut på området, og kven som skal av og på scenen. Dagen før er han med godt mot.
— Å rigge til kongebesøket er kjempekjekt, seier Fiksdal.
Under besøket har dei 15 personar på jobb. Blant desse er Arne Gunnar Olsen, som skal følgje kongen og dokumentere det som skjer. Han seier at det blir utfordrande å få med alt, men ei spennande oppgåve.
Blant Vindafjords største dagar
Det er venta å bli svært folksamt i Ølen med mange unge til stades torsdag. 14-åringane Mia Lothe og Serine Fjæra var ute og gjekk forbi Sjøperlo dagen før dagen. Dei ser fram til arrangementet.
— Det blir stort å møte kongen. I tillegg blir det kjekt å treffe folk frå andre skular, seier Lothe.
Alle grunnskuleelevar i Vindafjord blir frakta til Ølen for arrangementet. Etter seansen ved Sjøperlo har Lothe og Fjæra planar om å gå opp på SR Bank-stadion og sjå Garden si oppvising.
Frå Vindafjord kommune sitt perspektiv er arrangementet svært viktig. Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst synest det er skikkeleg stas å få kongeparet på besøk. Han håpar at dei, så vel som alle elevane, får ei fin oppleving.
— Dette blir ein av dei største dagane for Vindafjord, seier Eide.
Program under kongebesøket
| Start | Slutt | Aktivitet/stad |
| 11:00 | 11:04 | Sjaluppen legg til ved flytebrygge i Ølen sentrum. Kongeparet går opp til ventande bil på sjøsida av Ølen Senter |
| 11:04 | 11:07 | Bilkortesje frå bakside av Ølen Senter til avstigingsområde |
| 11:07 | 11:10 | Bilkortesje parkerer ved paviljong. Kongeparet og andre tar plass på paviljong. |
| 11:10 | 11:13 | Introduksjonsfilm om Vindafjord |
| 11:13 | 11:17 | Song av skulebarn i Vindafjord |
| 11:17 | 11:21 | Velkommen til Vindafjord! |
| 11:21 | 11:25 | Ordførar si helsing til Kongeparet |
| 11:25 | 11:29 | KORe` Vindafjord syng |
| 11:29 | 11:33 | Kongeparets tale |
| 11:33 | 11:37 | Tom Roger Aadland speler |
| 11:37 | 11:41 | Litt om den eldre historia frå Vindafjord Kommune |
| 11:41 | 11:43 | Kort overgang ved konferansier
|
| 11:43 | 11:47 | Kulturelt innslag ved belgtøttene |
| 11:47 | 11:49 | Helsing frå flyktningar i Ølen |
| 11:49 | 11:53 | Kulturelt innslag frå Vindafjord Kulturskule |
| 11:53 | 11:57 | Vindafjord i dag og framover. Unge stemmer. |
| 11:57 | 12:01 | Innslag ved Tom Roger Aadland |
| 12:01 | 12:05 | Marsj frå felleskorps frå heile kommunen |
| 12:05 | 12:08 | Kongeparet helsar på personar som har fått fortenestemedalje |
| 12:08 | 12:20 | Kongeparet går gjennom eit marknadsområde» der næringslivet i Vindafjord Kommune får høve til å stille på stand. |
| 12:20 | 12:23 | Avskjed. Alle skuleborna i Vindafjord Kommune syng ein song medan Kongeparet setter seg inn i bilen. |
| 12:23 | 12:26 | Bilkortesje tilbake til baksida av Ølen Senter. |

Kart over arrangementsområdet under kongebesøket.
SKJERMDUMP: VINDAFJORD KOMMUNE
