Marthe Fosse (f.v.), Marit Særsten, Reidun Sørhus Skjold og Anne Brit Nesheim har pynta til kongeparet sitt besøk i Ølen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Marthe Fosse (f.v.), Marit Særsten, Reidun Sørhus Skjold og Anne Brit Nesheim har pynta til kongeparet sitt besøk i Ølen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 1 av 12
Produsent Eivind Fiksdal i Grex viser fram den 100 meter lange raude løparane som skal rullast ut for kongeparet. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Produsent Eivind Fiksdal i Grex viser fram den 100 meter lange raude løparane som skal rullast ut for kongeparet. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 2 av 12
Kongetribuna tar form. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kongetribuna tar form. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 3 av 12
Arne Gunnar Olsen skal filme kong Harald til den offisielle sendinga. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Arne Gunnar Olsen skal filme kong Harald til den offisielle sendinga. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 4 av 12
Mia Lothe (f.v.) og Serine Fjæra gler seg til kongebesøket. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Mia Lothe (f.v.) og Serine Fjæra gler seg til kongebesøket. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 5 av 12
Reidun Sørhus Skjold pyntar scenen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Reidun Sørhus Skjold pyntar scenen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 6 av 12
Det er eit stort arbeid å rigge scenen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Det er eit stort arbeid å rigge scenen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 7 av 12
Mykje teknisk utstyr må på plass. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Mykje teknisk utstyr må på plass. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 8 av 12
Det meste skal pyntast til kongebesøket. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Det meste skal pyntast til kongebesøket. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 9 av 12
Eit telt er plassert opp på parkeringsplassen til Ølen Senter. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Eit telt er plassert opp på parkeringsplassen til Ølen Senter. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 10 av 12
Scenen nærmar seg klar. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Scenen nærmar seg klar. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 11 av 12
Den eine innkøyringa til Ølen Senter er stengt allereie onsdag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Den eine innkøyringa til Ølen Senter er stengt allereie onsdag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 12 av 12

Klare til festdag

Onsdag ettermiddag er scenen på plass, og dei ansvarlege er i gang med siste innspurt i å rigge til kongeparet sitt besøk i Ølen. Marthe Fosse, Marit Særsten, Reidun Sørhus Skjold og Anne Brit Nesheim ser fram til å vere vertskap.

— Det er utruleg kjekt å endeleg få kongen på besøk, seier Anne Brit Nesheim.

Onsdag pynta ho, Marthe Fosse, Marit Særsten og Reidun Sørhus Skjold scenen ved Sjøperlo med blomar og flagg. Dei jobbar alle i Vindafjord kommune. Under besøket torsdag blir dei vertar. Dei er samstemte i at det blir ein spennande dag.

Onsdag er det gjort mykje arbeid med å få plass både scene og kongetribune. Den eine innkøyringa til Ølen Senter er stengt av.

Kongetribuna tar form. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Stort lag

Selskapet Grex styrer det tekniske under kong Harald og dronning Sonja sitt besøk i Ølen. Produsent Eivind Fiksdal er sjef for riggejobben, biletregi, kven som slepp inn og ut på området, og kven som skal av og på scenen. Dagen før er han med godt mot.

— Å rigge til kongebesøket er kjempekjekt, seier Fiksdal.

Under besøket har dei 15 personar på jobb. Blant desse er Arne Gunnar Olsen, som skal følgje kongen og dokumentere det som skjer. Han seier at det blir utfordrande å få med alt, men ei spennande oppgåve.

Produsent Eivind Fiksdal i Grex viser fram den 100 meter lange raude løparane som skal rullast ut for kongeparet. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Blant Vindafjords største dagar

Det er venta å bli svært folksamt i Ølen med mange unge til stades torsdag. 14-åringane Mia Lothe og Serine Fjæra var ute og gjekk forbi Sjøperlo dagen før dagen. Dei ser fram til arrangementet.

— Det blir stort å møte kongen. I tillegg blir det kjekt å treffe folk frå andre skular, seier Lothe.

Mia Lothe (f.v.) og Serine Fjæra gler seg til kongebesøket. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Alle grunnskuleelevar i Vindafjord blir frakta til Ølen for arrangementet. Etter seansen ved Sjøperlo har Lothe og Fjæra planar om å gå opp på SR Bank-stadion og sjå Garden si oppvising.

Frå Vindafjord kommune sitt perspektiv er arrangementet svært viktig. Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst synest det er skikkeleg stas å få kongeparet på besøk. Han håpar at dei, så vel som alle elevane, får ei fin oppleving.

— Dette blir ein av dei største dagane for Vindafjord, seier Eide.

Det er eit stort arbeid å rigge scenen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Program under kongebesøket

Start Slutt Aktivitet/stad
11:00 11:04 Sjaluppen legg til ved flytebrygge i Ølen sentrum.

Kongeparet går opp til ventande bil på sjøsida av Ølen Senter

11:04 11:07 Bilkortesje frå bakside av Ølen Senter til avstigingsområde
11:07 11:10 Bilkortesje parkerer ved paviljong. Kongeparet og andre tar plass på paviljong.
11:10 11:13 Introduksjonsfilm om Vindafjord
11:13 11:17 Song av skulebarn i Vindafjord
11:17 11:21 Velkommen til Vindafjord!
11:21 11:25 Ordførar si helsing til Kongeparet
11:25 11:29 KORe` Vindafjord syng
11:29 11:33 Kongeparets tale
11:33 11:37 Tom Roger Aadland speler
11:37 11:41 Litt om den eldre historia frå Vindafjord Kommune
11:41 11:43 Kort overgang ved
konferansier
11:43 11:47 Kulturelt innslag ved belgtøttene
11:47 11:49 Helsing frå flyktningar i Ølen
11:49 11:53 Kulturelt innslag frå Vindafjord Kulturskule
11:53 11:57 Vindafjord i dag og framover. Unge stemmer.
11:57 12:01 Innslag ved Tom Roger Aadland
12:01 12:05 Marsj frå felleskorps frå heile kommunen
12:05 12:08 Kongeparet helsar på personar som har fått fortenestemedalje
12:08 12:20 Kongeparet går gjennom eit «marknadsområde» der næringslivet i Vindafjord Kommune får høve til å stille på stand.
12:20 12:23 Avskjed. Alle skuleborna i Vindafjord Kommune syng ein song medan Kongeparet setter seg inn i bilen.
12:23 12:26 Bilkortesje tilbake til baksida av Ølen Senter.

Kart over arrangementsområdet under kongebesøket.
SKJERMDUMP: VINDAFJORD KOMMUNE

Kongebesøket

30. mai kjem kongeparet til Vindafjord

Du kan følgje besøket live på grannar.no

Tips oss om saker me bør skrive om i samband med den store dagen, og del dine bilde med lesarane:tips@grannar.no eller MMS 975 70 789

Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff

Les alt om kongebesøket her:

Kongebesøket