Tove Elise Madland frå Vindafjord er Rogaland Ap sin tredjekandidat til haustens stortingsval.
Foto: Haakon Nordvik
Stortingsrepresentant Tove Elise Madland (Ap) Foto: Haakon Nordvik

Regjeringa satser på fagarbeideren og på fagskulane

Som fagarbeidar med fagskuleutdanning gler eg meg over at 2.300 fleire søkjer høgare yrkesfagleg utdanning. Å kunne ta kortare utdanningar og kombinere dei med jobb er avgjerande. Dette er å skreddarsy behova i arbeidslivet, samstundes som me sikrar velkvalifiserte tilsette innan helse- og omsorgstenesta.

At me no ser ein auke på 17 prosent i talet på dei som vil ta ei fagskuleutdanning, viser at satsinga til regjeringa er rett. Regjeringa vil gje høgare yrkesfagleg utdanning ei viktig rolle i arbeidet med livslang læring, prioritera å utvikla kvaliteten og utdanningsbehovet for å møta framtidas kompetansebehov.

Regjeringa har sett av 20 millionar til 500 nye studieplassar i 2024 og har så langt løyvd midlar til 1.500 studieplassar. Det betyr at frå 2017 er studenttalet dobla, og fleire får no augene opp for fagskuleutdanning. Å gjere det mogleg å kunne ta fagskuleutdanning på nett er òg populært; heile 61,2 prosent har nettbasert utdanning som førsteval. Dette viser også at regjeringa si satsing på å kunne ta utdanninga der ein bur, sikrar velkvalifiserte tilsette også i distrikta. Det er kjent at tek du utdanninga di der du bur, vert du i større grad buande der.

At fleire no vel å ta ei helsefagleg utdanning er avgjerande for helse- og omsorgstenesta framover. Utviklinga viser at fleire går ut av arbeidslivet enn som kjem inn, og tenesta vil trenge velkvalifiserte tilsette i åra framover. Det er særs gledeleg at over 900 fleire i år har sjukepleie som sitt førsteval. Helse- og omsorgstenesta vil trenge fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i åra som kjem, og kommunane våre slit alt i dag med å kunne rekruttera nok fagfolk.

Tove Elise Madland

Stortingsrepresentant Arbeiderpartiet

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les meir debatt her