Per Inge Sørensen har finansisert Floren Aktivitetspark med eigne midlar. Nå har banen sesongopna for fotballgolf. Diskgolf er open året rundt.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sesongstart for unikt tilbod
Laurdag opna Floren Aktivitetspark fotballgolfdelen sin for sesongen. Per Inge Sørensen håpar like mange som i fjor finn vegen til banen på småbruket hans på Bjoa.
— I fjor var det mellom 800 og 1.200 innom. Kjem det like mange i år er det bra, seier Per Inge Sørensen.
Mange av deltakarane kjem i grupper der ein står for betalinga for alle deltakarane, så han har ikkje eit eksakt besøkstal på sparket. Anlegget er sjølvbetjent. Bjoabuen har utvikla ein fritidspark, praktisk talt i sine eigen hage på småbruk Sørenshaugen, like ved avkøyringa til Dalsbruket.
Då banen opna var det den einaste fotballgolfbanen på Haugalandet. Sørensen har arbeida med aktivitetsparken i fleire år, men det var først i fjor den blei opna for publikum