Ingeliv Klette Steinsland har dekt til eit kongeleg måltid, og nyt ein sjokoladekjeks. FOTO: RENATE SÆVAREID
Ingeliv Klette Steinsland har dekt til eit kongeleg måltid, og nyt ein sjokoladekjeks.
Agnes Klette Steinsland og Daria Gebska har kledd seg ut. FOTO: RENATE SÆVAREID
Agnes Klette Steinsland og Daria Gebska har kledd seg ut.
Agnes Klette Steinsland viser stolt fram tiaraen ho har laga heilt sjølv.FOTO: RENATE SÆVAREID
Agnes Klette Steinsland viser stolt fram tiaraen ho har laga heilt sjølv.
Klaus Solheim-Gangstø (t.v.), Luka Vølstad Stople, Mikkel Solheim-Gangstø, Laura Waszkiewicz, Markus Hustoft Granberg, Amund Naterstad Våge, Daria Gebska. FOTO: RENATE SÆVAREID
Klaus Solheim-Gangstø (t.v.), Luka Vølstad Stople, Mikkel Solheim-Gangstø, Laura Waszkiewicz, Markus Hustoft Granberg, Amund Naterstad Våge, Daria Gebska.
Kanskje kommer kongen» syng pedagogisk leiar, Wibeche Døvik, saman med barna.
Kanskje kommer kongen» syng pedagogisk leiar, Wibeche Døvik, saman med barna.
Mikkel Solheim-Gangstø er kreativ og lagar rytme ved å slå på veggen, då dei andre syng Kanskje kommer kongen»FOTO: RENATE SÆVAREID
Mikkel Solheim-Gangstø er kreativ og lagar rytme ved å slå på veggen, då dei andre syng Kanskje kommer kongen»
Pedagogisk leiar Wibeche Døstad og Mikkel Solheim-Gangstø les i den populære boka Dragejakten»
Pedagogisk leiar Wibeche Døstad og Mikkel Solheim-Gangstø les i den populære boka Dragejakten»
Amund Naterstad Våge trivst godt på kongestolen. FOTO: RENATE SÆVAREID
Amund Naterstad Våge trivst godt på kongestolen.
Utstilling av tiara og krona som barna har laga. FOTO: RENATE SÆVAREID
Utstilling av tiara og krona som barna har laga.
Her har dei utstilt slotta som dei har teikna. FOTO: RENATE SÆVAREID
Her har dei utstilt slotta som dei har teikna.

Kongebesøket

Små majestetar i barnehagen

I Bjoa barnehage er dei små fullt klar over at kongeparet snart kjem til Vindafjord.

Publisert Sist oppdatert

Når personalet fortalde barna at kongeparet skulle koma til Vindafjord den 30. mai, sette det ideane i sving hjå dei små i Bjoa barnehage. Dei ville mellom anna laga slott, og neste veke skal barnehagen ha eit kongeleg måltid. Då har dei planar om å rulla ut raud løpar, og servere blomkålsuppe til forrett. Dei har allereie øvd på korleis dei serverer mat til kongen, og snakka mykje om korleis dei trur eit kongeleg måltid er.

Kongeleg middag

Ingeliv Klette Steinsland har øvd ein god del på å vere majestet, det var tydeleg å sjå då Grannar var innom tysdag. Ho sat kongeleg ved eit bordet som ho hadde dekt så flott. Ho hadde samla i saman mat og servise, bore det gjennom rommet. Medan dei andre leika rundt, og nokon gjekk til og frå bordet, sat ho der sirleg og åt så fint av maten ho hadde ordna til.

– Eg er prinsesse dronning av Arendelle, og dette er desserten min, fortel ho medan ho puttar ein sjokoladekjeks i munnen.

Tiara, slott og drakar

Barnehagen har brukt mykje tid på å jobba med temaet kongen». Dei har eit eiget rom i barnehagen der dei har produsert mykje kreativt i høve temaet. I tillegg har dei utstillingar rundt i barnehagen.

— I prosessen med å laga kongeslott, starta dei med å vera ingeniørar sjølv, fortel barnehagelærar Jenny Haraldseid.

Barna fekk i oppgåve å teikna korleis dei ville at slottet skulle sjå ut når dei skulle byggja det. Her kom det mange kreative innspel, men fleire heldt seg ikkje heilt til den opphavlege ideen sin då dei skulle byggja. Både fargar og konstruksjon vart endra, men ifølge barnehagelærar Jenny Haraldseid er dette ein naturleg del av prosessen. Laura Waszkiewicz viser stolt fram dei store slotta i mange flotte fargar som dei har laga av papp.

Etter å ha lese boka om dragejakta», kor ein drake møter ei prinsesse, ville barna teikna drakar. Boka har dei jobba mykje med, og dei har utforska den grundig. I tillegg har dei laga ein plakat om songen Kanskje kommer kongen», der dei har diskutert og utforska alle orda i teksten. Kva er ein perrong? Artisjokk? Her lærde til og med dei vaksne litt. Dei har også gjort seg godt kjend med eventyret om Prinsessa på erta», der alt enda i at dei dramatiserte eventyret.

Alle barna har også fått laga seg kvar sin tiara, som dei stolte ville vise fram.

Vil reise til Ølen

Pedagogisk leiar Wibeche Døvik og barnehagelærar Jenny Haraldseid fortel at dei har planar om at dei eldste i barnehagen skal få vera med på kongebesøket i Ølen den 30. mai, og dei har tru på at dei vil få det til.

– No når me har jobba med dette prosjektet over så lang tid, hadde det vore kjekt å avslutta alt med at dei faktisk får sjå kongeparet, seier Wibeche Døvik.

Powered by Labrador CMS