Insektovervakinga dei siste fire åra viser at talet på insekt er fallande. Resultata viser at klimaforandringane kan påverke insektmengda negativt.
Stadig færre insekt i naturen

– Det er for tidleg å konkludere, men det er urovekkjande å sjå at mengda insekt går ned og kor sårbare insekta er for vêrendringar. Vi fryktar at klimaendringane vil vere ei stor utfordring for insektbestandane, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.
For fjerde gong har Norsk institutt for naturforsking (Nina) levert rapport frå den nasjonale insektovervakinga, som hovudsakleg kartlegg insekt i semi-naturleg mark rundt om i landet. Så langt viser overvakinga at mengda insekt i gjennomsnitt har minka med 14 prosent kvart år.