Frå venstre: Marius Nyland, skulebibliotekar i Vindafjord, biblioteksjef Silje Holden Birkeland i Vindafjord og barnebibliotekar Ingeborg Sørheim i Etne ønskjer velkomen til årets Sommarles. 
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sommarles er eit av årets høgdepunkt for biblioteka i Grannar-distriktet. Frå venstre: Marius Nyland, skulebibliotekar i Vindafjord, biblioteksjef Silje Holden Birkeland i Vindafjord og barnebibliotekar Ingeborg Sørheim i Etne. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Aktiv biblioteksommar

Både Etne- og Vindafjord bibliotek held ope gjennom sommaren med fleire tilbod. Tradisjon tru satsar dei også på den årlege lesekampanjen Sommarles for barn i 1.- til 7. klasse.

— For biblioteket er det viktig å vere ein plass for alle, ein plass som er tilgjengeleg heile sommaren, seier biblioteksjef Silje Holden Birkeland ved Vindafjord bibliotek.

Ho grunnar dette med at dei ser biblioteket i større grad fungerer som ei storstove eller ein tredje plass å vere. Med tredje plass å vere meiner Holden Birkeland at biblioteket ikkje er heime eller jobb/skule, men noko ein kan gå til i mellom desse stadane.

Film, design og LEGO

I midten av mai var Vindafjord bibliotek i sluttfasen av planlegginga av sommarprogrammet sitt. Holden Birkeland opplyser at ramma er lagt. Blant anna blir det ungdomsfilm på tysdag ettermiddagar i juni og familiefilm på torsdag føremiddag heile sommar.

Dei som liker å sy eller vil prøve seg fram vil også få høve til å utfolde seg på biblioteket. Det vil vere dagar kor ein kan komme for å lære seg å bruke symaskin. Ein dag i løpet av sommaren vil det vere redesign i fokus.

— Denne dagen vil det bli påmelding til, fortel Holden Birkeland.

Gjennom heile sommaren får ein høve til å kose seg med LEGO. Det blir dagar kor ein kan komme for å lære seg digital teikning. Holden Birkeland fortel at biblioteket jobbar for å få på plass sjakkrelatert aktivitet sett i system. Det blir også lesebingo.

— Det er viktig at biblioteket kan vere ein kunnskapsaktør også på sommaren, seier biblioteksjefen.

For dei litt eldre arrangerer Vindafjord bibliotek seniorgaming kvar måndag. Vindafjord bibliotek er eit meirope bibliotek. Det vil seie at ein har høve til å bruke biblioteket frå klokka 07. til klokka 22. kvar dag heile året. For å kunne bruke det meiropne tilbodet må ein vere registrert lånar og over 16 år, samt teikna eigen kontrakt for meirope bibliotek. I den meiropne opningstida vil bibliotektilbodet vere ubetent, då biblioteket berre er betent i vanleg opningstid.

Leser saman

Erfaringane til Vindafjord bibliotek frå i fjor er at mange oppsøkte biblioteket for å vere der. Eksempelvis var det familiar kor barna spelte, teikna og las, medan foreldre koste seg med avis, samtale, bøker og kaffi. LEGO-bordet samla folk i alle aldrar. Holden Birkeland fortel at dei såg at fleire veksla mellom å vere ute i Ølen Aktivitetspark og inne på biblioteket. Fleire nytta også høve til å låne aktivitetsutstyr.

— Opne bibliotek er ein faktor med tanke på å førebygge både einsemd og utanforskap, seier Holden Birkeland.

Etne bibliotek kjem til å vere ope, men med reduserte opningstider, i skuleferien. Biblioteket i Skånevik kjem til å vere ope mellom klokka 15 og 18 på onsdagar. I Etne vil biblioteket til å vere ope på tysdagar og torsdagar klokka 10-15. Biblioteket har også eit meirope tilbod i Skakke sine opningstider.

— I tillegg til dei vanlege tenestene har me til dømes utlån av skateboard, noko som er ekstra aktuelt i sommarferien, seier barne- og ungdomsbibliotekar Ingeborg Sørheim.

Ho opplyser at det store satsingsområdet for biblioteket i sommar er lesekampanjen Sommarles for barn i 1.- til 7. klasse. Denne kampanjen har også Vindafjord bibliotek. I kampanjen registrerer barna bøkene dei les gjennom sommaren. I 2023 var Etne kommune på topp ti i landet i oppslutnad, då 318 deltakarar leste til saman 4.776 bøker. Etne bibliotek kjem til å ha diverse «Sommarles-stunt» i løpet av sommaren.

— Dette kulminerer i ein Sommarlesfest/avslutning 9. september med Roe Lauvås, vitenshow og utdeling av ekstrapremiar, fortel Sørheim.

Faktaboks

Denne artikelen er henta frå Grannar si Sommaravis som no er distribuert rundt om i bygdene.