Det er lagt ned tusenvis av dugnadstimar i Sjøkanten Trivsel. Her er nokre av dei som har bidratt: Bak frå venstre: Ole Funderud, Bjørn Berge, Torkel Evenset, Leif Idar Matre, Jan Ulrik Langhelle, Tom Phunagkaew Bjørnsson, Lars Rune Langhelle, Gunnar Molnes, Jarle Vik. Framme frå venstre: Moti Maya Subba, Heidi Wannberg og Shrawan Tameng.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det er lagt ned tusenvis av dugnadstimar i Sjøkanten Trivsel. Her er nokre av dei som har bidratt: Bak frå venstre: Ole Funderud, Bjørn Berge, Torkel Evenset, Leif Idar Matre, Jan Ulrik Langhelle, Tom Phunagkaew Bjørnsson, Lars Rune Langhelle, Gunnar Molnes, Jarle Vik. Framme frå venstre: Moti Maya Subba, Heidi Wannberg og Shrawan Tameng. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 14
Jarle Vik (t.v.) og Jan Ulrik Langhelle i herregardroben.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Jarle Vik (t.v.) og Jan Ulrik Langhelle i herregardroben. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 14
Tre slike flotte benkar bidrag er sett opp langs muren på utsida av bassenget, med utsikt mot fjorden.
FOTO: TORSTIEN TYSVÆR NYMOEN
Tre slike flotte benkar bidrag er sett opp langs muren på utsida av bassenget, med utsikt mot fjorden. FOTO: TORSTIEN TYSVÆR NYMOENBilde 3 av 14
Ein god prat over kaffi og is høyrer med når ein har dugnad.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ein god prat over kaffi og is høyrer med når ein har dugnad. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 4 av 14
Frå ferja har til og med kapteinen fått flott utsikt til det nye bassenget.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Frå ferja har til og med kapteinen fått flott utsikt til det nye bassenget. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 5 av 14
Frå kjellaren. Sjølve bassenget er bak veggen til høgre.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Frå kjellaren. Sjølve bassenget er bak veggen til høgre. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 6 av 14
Reinseanlegget i kjellaren sikrar trygg og effektiv gjenbruk av vatnet i bassenget.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Reinseanlegget i kjellaren sikrar trygg og effektiv gjenbruk av vatnet i bassenget. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 7 av 14
Garderobeanlegg for både kvinner, menn og røyrslehemma er på plass.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Garderobeanlegg for både kvinner, menn og røyrslehemma er på plass. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 8 av 14
Bjørn Berge i arbeid i herregarderoben.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bjørn Berge i arbeid i herregarderoben. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 9 av 14
Sjøgrønt miljø i dusjane.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sjøgrønt miljø i dusjane. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 10 av 14
Det var då bygda fekk sjå denne teikninga det tok av for alvor.
Illustrasjonsfoto: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS
Det var då bygda fekk sjå denne teikninga det tok av for alvor. Illustrasjonsfoto: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke ASBilde 11 av 14
Heidi Wannberg, Torkel Evenseth og resten av dugnadsgjengen hadde grunn til å feire då det rann vatn inn i bassenget. i mai. ARKIVFOTO: PRIVAT
Heidi Wannberg, Torkel Evenseth og resten av dugnadsgjengen hadde grunn til å feire då det rann vatn inn i bassenget. i mai. ARKIVFOTO: PRIVATBilde 12 av 14
Gunnar Molnes (t.v.) og Bjørn Berge gjer siste innsats på servicebygget.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Gunnar Molnes (t.v.) og Bjørn Berge gjer siste innsats på servicebygget. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 13 av 14
Jarle Vik konstaterer at bassenget er fylt til randen.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Jarle Vik konstaterer at bassenget er fylt til randen. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 14 av 14

Basseng-bragda i Skånevik

Kva skal ein gjere i ei lita bygd for å skape litt liv og samhald? Tja, kva med å bygge eit stort utandørs symjebasseng? Neste fredag opnar Sjøkanten Trivsel.

Fredag 21. juni blir ein merkedag i Skånevik. Då opnar det nye utandørs svømmebassenget. Klokka 17 blir det snorklipping og kake ved bassengkanten.

Historia om det utrulege dugnadsprosjektet starta då Heidi Wannberg i 2018 såg eit fjernsynsprogram om utandørsbassenget Gamlingen i Stavanger. Brått kom ideen om å bygge noko liknande i idylliske Skånevik. Gjennom samhald, pågangsmot og ei tru på framtida, har bygdefolket no klart det nesten utrulege: å byggje eit flott utandørs symjebasseng – på dugnad.

— Eg har ikkje høyrt om nokon andre som har gjort noko slikt på dugnad, fortel Wannberg.

Jarle Vik konstaterer at bassenget er fylt til randen.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Og ikkje sidan idrettshallen i bygda blei reist på slutten av førre århundre, har ein sett eit så samlande prosjekt i Skånevik som bassengprosjektet som ber namnet Sjøkanten Trivsel.

Omfattande prosjekt

Å byggje eit 25 meter langt symjebasseng med fire banar, i tillegg til plaskebasseng for dei minste, garderobeanlegg og servicebygg er eit omfattande prosjekt. Det kravde omfattande planlegging og innsats frå mange. Gruppa henta informasjon frå andre basseng, mellom andre både Gamlingen og i Sauda. Ein entusiastisk tidlegare symjepresident, Per Rune Eknes, som tilfeldigvis var innom Skånevik Fjordhotel og fekk høyre om planane, gav også både innspel og meir energi til prosjektet undervegs.

Frå ferja har til og med kapteinen fått flott utsikt til det nye bassenget.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Ting lausna skikkeleg då vi fekk på plass teikningane som viste korleis bassenget kunne bli sjåande ut, fortel Wannberg.

Det er arkitekt Arne Tveit frå Vikebygd som har teikna det flotte bassenget. Arkitektjobben blei finansiert med midlar frå Skånevik Bygdeutvikling.

Det praktiske arbeidet starta med graving, og her får maskinførar og tilflytta suldøl Jarle Vik mykje skryt.

Gunnar Molnes (t.v.) og Bjørn Berge gjer siste innsats på servicebygget.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Det første året sat han åleine, time etter time, og flytta på massar, skryt Wannberg.

Og det var mykje gravearbeid, mellom anna for å flytte på eksisterande røyr og anna som låg i bakken på tomta.

«Alle» har bidratt

I ei bygd der ein har både tømrarar, røyrleggjarar, stålsveisarar – og til og med ein eigen dørfabrikk – kan ein få til alt. Og det er elles ikkje få privatpersonar som har ein eller fleire fingrar med i prosjektet.

Ein god gjeng eldsjeler har møtst til dugnad måndagar, torsdagar og laurdagar, og fått mykje hjelp frå mange som har kome til undervegs. Og mange av dei som av ulike årsaker ikkje har hatt moglegheit til å stille fysisk, har bidrege med å setje pengar inn på konto slik at dei som jobba har kunne hatt etepausar med kaffi og mat.

Ein god prat over kaffi og is høyrer med når ein har dugnad.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Og overraskande mange har betalt inn 5.000 kroner som eit aksjebrev, eller gåvebrev, om du vil. Det fortel om at mange har hatt trua på prosjektet, for dei hadde ingen garanti for at pengane ville materialisere seg i dette bassenget. Men no står det her, smiler Wannberg.

Mange privatpersonar har dessutan både gitt varer og handla på bruktbutikken som blei etablert for å skaffe inntekt til prosjektet. Også skuleungdom har vore med, mellom anna ved å bere åtte tonn med sand inn til reinseanlegget som er plassert i kjellaren til det nye bassenget.

Tre slike flotte benkar bidrag er sett opp langs muren på utsida av bassenget, med utsikt mot fjorden.
FOTO: TORSTIEN TYSVÆR NYMOEN

Prosjektet har fått 4,5 millionar kroner i såkalla spelemidlar frå Norsk Tipping sitt overskot. Nyleg fekk dei også 850.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Etne. Per i dag har dei eit lån på tre millionar kroner, og målet er at Sjøkanten Trivsel skal vere gjeldfritt ein gong i 2025, slik at driftsinntekter kan gå til drift og vedlikehald og ikkje til å betale renter. Dei har også ein konto med ein buffer på rundt ein million kroner til drift.

Det nye bassenget skal driftast av ei eiga gruppe, og planen er å ha opningstid frå april til september.

— Vi vil leige inn reinhald og badevakter i sesongen når det er ope for ålmenta, fortel Wannberg.

32 grader

Etter planen blir bassenget opna i juni, og dermed er det mellom anna klart til å ta imot badelystne under Skånevik Bluesfestival. Vass-temperaturen vil dei prøve å halde på 32 grader for å sikre at det er freistande å bade, sjølv når vêret er kjølig. Bassenget skal etter planen også brukast til terapi og trening, symjeundervisning og kanskje også ymse symjerelatert kursing.

Jarle Vik (t.v.) og Jan Ulrik Langhelle i herregardroben.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Vi planlegg for at sesongen skal vare frå påske til skulen sin haustferie, fortel Wannberg.

På Sjøkanten Trivsel si nettsida blei det fredag opplyst at det blir opningstider mellom klokka 12 og 17 kvar dag i sommar. I tillegg vil det vera opent for morgon- og kveldsbad for dei som har sesongkort og er over 15 år.

Og ikkje nok med det:

— Styret ønskjer å gi ei vekes gratis bading for skåneviksbuene. Dette som takk for all velvilje, dugnad, pengegåver og anna som har gjort dette mogeleg, skriv styret.

Når vi legg til at bygda samstundes som dei har reist bassenget, har fått på plass både ein 18 hol stor frisbeegolfbane og skatebane, har fleire vore med på fleire prosjekt på ein gong. Og då kan ein spørje seg om det er på tide å ta ein dukkert og berre nyte livet?

— Åh, vi skal få til noko nytt igjen, seier dei driftige skåneviksbuane.