Ole Bernt Thorbjørnsen er kommunedirektør i Haugesund kommune, og settekommunedirektør i behandlinga av bekymringsvarselet frå brannsjef Finn Ulvund til kommunalsjef Åsmund A. Sekse. Foto: Grethe Hopland Ravn
Ole Bernt Thorbjørnsen er kommunedirektør i Haugesund kommune, og settekommunedirektør i behandlinga av bekymringsvarselet frå brannsjef Finn Ulvund til kommunalsjef Åsmund A. Sekse.

Brannberedskap

— Bekymringsmeldinga er ikkje eit varsel

Etter at varslingskomiteen har gått gjennom bekymringsmeldinga frå brannsjef til kommunalsjef i Etne, er konklusjonen at meldinga ikkje er å rekna som eit varsel i følgje settekommunedirektør Ole Bernt Torbjørnsen.

Publisert Sist oppdatert

Åsmund Andersen Sekse, kommunalsjef for utvikling og drift i Etne kommune, fekk 10. mars eit brev med tittelen bekymringsmelding» frå brannsjef Finn Ulvund. Brevet omtalte både kommunalsjef, kommunedirektør og ordførar i Etne kommune, og desse blei vurderte som inhabile til å behandla saka. Ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, vende seg derfor til kommunedirektør i Haugesund kommune, Ole Bernt Thorbjørnsen, for å be om bistand. Thorbjørnsen blei oppnemnd som settekommunedirektør og delegerte saka vidare til varslingskomiteen i Haugesund kommune.

— Eg kan starta med konklusjonen, og me vurderer saken slik at bekymringsmeldinga ikkje er eit varsel etter arbeidsmiljølova sitt kapittel 2 A, men vår vurdering er også at her er det eit heilt klart forbetringspotensiale på samhandling, sa Thorbjørnsen då han møtte formannskapet onsdag.

Han la til at varsling på eige arbeidsforhold er utanfor varslingsinstituttet som ein hovudregel. Det betyr også at ytringar om fagleg usemje fell utanfor instituttet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS