Sport
Eit lysande talent på fotballbanen
Lilly Øren (14) har eit stort ønske. Det er å sjå kor langt ho når på fotballbanen, og at ho får sjansen til velja mellom fleire klubbar når ho blir eldre.
Som einaste jente frå heile Haugalandet, og Sunnhordland er Lilly Øren frå Etne tatt ut til Equinor sin talentleir – for femte gong på rad. Måndag reiser ho til Porsgrunn for å vera ei veke på samling, og målet for den snart 15 år gamle etnejenta er å bli tatt ut til landslagstroppen som skal møta Sverige i september.
— Eg ser fram til å spela med det norske flagget på brystet igjen, om eg får sjans, seier Lilly.
— Utruleg lærerikt
For femte gong er Lilly tatt ut til talentleiren, trass i at ho måtte avlysa siste samling grunna skade. Det har skjedd ein gong før også, men kort oppsummert skulle vel det bety at talentspeidarane har enorm tru på den unge fotballspelaren.
— Av dei fire leirane som har vore gjennomførte har eg møtt til to av dei. Det har vore utruleg lærerikt. Eg har fått nye venner, eg har fått visa kva eg er god for på banen, og eg har i tillegg fått oppleva å vera med på tre landskampar i England, der me møtte Wales, Hellas og England. Det var stort, seier Lilly.
Ser opp til spanjol
Å vera med å konkurrera på slikt høgt nivå krev ikkje berre fysisk styrke og talent, men ein skal vera godt rusta mentalt også. For her må dei unge jentene tola både hard trening, og tilbakemeldingar som kan vera svært direkte.
— Presset eg opplever på slike samlingar er faktisk noko eg set pris på. Eg føler det får meg til å prestera betre, og det hjelper meg til å rusta meg for motgang og utfordingar. Ikkje berre på fotballbanen, men også generelt i kvardagen. Livet er ikkje alltid i medvind, så dette er god trening for dagar i motvind også, seier Lilly.
På fotballbanen er hennar plass på midtbanen, og på spørsmål om ho har eit idol ho ser opp til, kjem svaret ganske raskt: Aitana Bonmatí frå Barcelona.
— Ho er utruleg god, og for ikkje så lenge sidan blei ho kåra til verdas beste kvinnelege fotballspelar. Det er inspirerande. Ein annan ting eg synest er ganske kult, er at ho ikkje er så veldig høg eller kraftig, og det er ikkje eg heller. Du kan komma langt likevel, seier Lilly.
Det har vore utruleg lærerikt. Eg har fått nye venner, eg har fått visa kva eg er god for på banen
Takka nei til overgang
Når det kjem til framtidsutsiktene som fotballspelar kan det godt henda Lilly kan koma langt, om ho vil. Ho er éi av fem frå heile Vestlandet som er tatt ut i si aldersgruppe. Dei andre kjem frå Varegg, Brann, Odda og Bryne, og ho har allereie fleire fotballklubbar på høgt nivå som har vist si interesse for henne. Lilly derimot har god tid, og vil ta alt i sitt eige tempo.
— Eg har lyst til å vera her i Etne så lenge som mogleg, men eg trenar likevel med FKH eit par gonger i veka, seier ho.
FKH ønskjer at Lilly skal melda overgang, men enn så lenge held det lenge for henne å trena med jenter 15, og gutar 15 i Etne, samt hospitering i FKH.
Skal ho sjå fem år fram i tid, ser ho ikkje bort frå at ho prøver å kombinera studie i Bergen, med ei fotballkarriere i Brann dersom sjansen byr seg.
— Eit viktig mål for meg er å bli så god at når eg blir eldre kan eg velja blant fleire klubbar, før eg bestemmer meg for kor eg ønskjer å spela. Så ønskjer eg sjølvsagt også ein fast plass på landslaget, seier ho.
Men først ventar ei veke i Porsgrunn. Her er det trening kvar deg, rettleiing, tips og råd, og det blir arrangert to interne fotballkampar under opphaldet.
— Eg trur det blir ei kjekk veke, seier Lilly.