Fleire endringar i NTP
SV, Høgre, Frp, KrF, Raudt og Venstre er einige om sju prosjekt i Nasjonal transportplan (NTP) som gjeld for perioden 2025–2036. Ap-Sp-regjeringa får dermed ikkje gjennom ein heilskaplege plan og Stortinget vil følgeleg måtte stemme over kvart enkelt prosjekt.
Dei seks partia har til saman fleirtal med sine 89 av 169 representantar på Stortinget. Dei presenterte semja på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Braut forhandlingane
Ap-Sp-regjeringa la fram sitt forslag til NTP før påske. Dei begynte å forhandle med sin budsjettpartnar SV om endringar i planen, men SV braut forhandlingane fredag.
— Me hadde sjølvsagt håpa å komme til einigheit med regjeringa om ein heilskapleg Nasjonal transportplan som tek klima og miljø på alvor. Det har ikkje latt seg gjere. Det er regjeringa sitt ansvar å få fleirtal for dei sakene dei kjem til Stortinget med, og denne måten å drive politikk på meiner eg er uansvarleg, sa transportpolitisk talsperson Mona Fagerås i SV på pressekonferansen.
Partiet hadde særleg fokus på jernbane og kollektivtransport. Som følgje av dette ber fleirtalet nå regjeringa om blant anna å starte opp prosjektet dobbeltspor Stokke-Sandefjord på Vestfoldbanen i første seksårsperiode av NTP.