Historisk vandring på tunet
Det var folksamt på tunet til Trygve og Astrid Sandvik då dei inviterte til kulturkveld og omvising på garden Sandvik under Kulturveka i Vats.
Rundt 50 personar fann vegen til Stokkadalen i Vats for å få med seg historiekvelden på garden Sandvik. På programmet denne kvelden stod mellom anna omvising på tunet og eit interessant innblikk i den unike samlinga av minne får gamle dagar som har fått plass i ein av bygningane på garden. Eigarane Trygve (82) og Astrid (81) Sandvik tok over garden i 1979 etter Trygve sine foreldre, og har sidan den gong utført eit imponerande restaureringsarbeid for å setja bygningane i stand.
— Eg er fødd og oppvaksen her på garden og budde heime til eg var 16 år. I 1961 flytta foreldra mine til Ilsvåg og garden blei liggjande utan drift. I 1979 overtok me, og sidan den gong har me restaurert, fortel Trygve Sandvik som i dag har fast bustadadresse på Knapphus.
Då ekteparet Sandvik overtok var bygningane i dårleg stand. Taka på husa sleit med å halda regnvatnet ute og løa var i ferd med å ramla saman. I dag er bustadhuset sett i stand, løa har fått både nytt tak og kledning og i eldhuset kan det igjen fyrast opp i gruva. Grasbakkene ligg igjen velstelte og nyklypte, og i blomsterbeda har rosebuskar og gamle stauder slått rot.