Frå då det blei frakta ein 82 stator til Løkjelsvatn kraftverk i 2023. Kraftverket er klart.
Arkivfoto: Svein-Erik LarsenFOTO: Svein-Erik Larsen
Nytt kraftverk i drift
Torsdag sette Sunnhordland Kraftlag (SKL) Løkjelsvatn kraftverk i Etne i drift. Den nye kraftstasjonen vil erstatta tre av dagens fem aggregat i Hardeland- og Litledalen kraftverk.
Til Haugesunds Avis, som var først til å omtale saka, seier prosjektleiar Kjetil Heimvik i SKL at selskapet driv som vanleg, men kallar det prøvedrift i tre månadar før dei overtek anlegget frå leverandørane.
Stor produksjonsauke
Det nye kraftverket til skal produsera til saman 163 gigawattimar (GWh) fornybar straum årleg. Det er ei auke på 20 GWh samanlikna med dei gamle kraftstasjonane. I tillegg til meir straum betyr det meir pengar frå SKL til Etne sin kommunekasse. Ifølgje SKL sin berekraftsrapport for 2023 betalte selskapet 16,634 millionar kroner til Etne kommune i denne konsesjonsavgift i fjor.