Ølen skule har eit kostnadsanslag på 20 millionar i vedlikehald innan ti år.
Arkivfoto: Anita Haugland
Må rette fleire feil på skule
Senter for Miljørettet helsevern har felt ein hard dom over både gymsalbygget og fleire klasserom på Ølen skule. Nå krev senteret at Vindafjord kommune ryddar opp.
Totalt fann Miljørettet helsevern fire avvik med fleire underpunkt; legionella i dusjanlegget i gymsalbygget, for dårleg belysning på uteområdet, ein sanddunge rett ved inngangen til SFO og inneklima i klasserom og garderobar.
— Me jobbar med ein handlingsplan der me tar for oss avvika og svarar dei ut, fortel leiar Berit F. Haugsland for kommunaltekniske tenester.
Tilsynet blei gjennomført 13. mai som følge av klage på̊ det fysiske miljøet på Ølen skule med vedtak frå Statsforvaltaren, og på førespurnad frå Ølen skulen å komme på synfaring. Rapporten blei skriven av leiar Rune Bratås for Miljørettet helsevern.