Opninga av den nye kulturstien i Åmsosen samla mykje folk. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Opninga av den nye kulturstien i Åmsosen i 2024 samla mykje folk.
Torger Audun Ohm fekk hjelp med snorklippinga av Tonje Hatteland (9).Foto: Irene Mæland Haraldsen
Torger Audun Ohm fekk hjelp med snorklippinga av Tonje Hatteland (9).
Slik såg det ut i Chicago i Åmsosen i gamle dagar.Foto: Privat
Slik såg det ut i Chicago i Åmsosen i gamle dagar.
Kari Vierdal og Klara Vatnedal frå Vats studerer informasjonstavla som er sett opp i starten av turstien. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kari Vierdal og Klara Vatnedal frå Vats studerer informasjonstavla som er sett opp i starten av turstien.
3 år gamle Tobias og Ingunn Ohm Skåsheim tek seg ein slurk av vatnet frå Pilarenna. Foto: Irene Mæland Haraldsen
3 år gamle Tobias og Ingunn Ohm Skåsheim tek seg ein slurk av vatnet frå Pilarenna.
Vats Ullspinneri.Foto: Privat
Vats Ullspinneri.
Turstien går gjennom flott natur.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Turstien går gjennom flott natur.
Turstien startar ved Hagale.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Turstien startar ved Hagale.

På tur langs gamle tufter

Opning av den nye kulturstien i Åmsosen markerte starten på Kulturveka i Vats 2024. Eit hopetal turglade bygdefolk i alle aldrar møtte opp å for å få seg ein spasertur langs historiske tufter.

Publisert Sist oppdatert

Den gamle ullvarefabrikken i Åmsosen, som stod ferdig i 1874, dannar ramma rundt den nye kulturstien i bygda. Ein steinsett vasskanal sytte for å skaffa vatn til drift av maskineriet inne på fabrikken, og det er langs denne kanalen turgåarane nå kan ta seg ein rusletur. Stien er opparbeidd på initiativ frå Skjold, Vats og Vikebygd Sogelag, med midlar frå Rogaland Fylkeskommune, SR-Bank, Sparebanken Vest, Thon-stiftinga, private og ein god gjeng dugnadsvillige bygdefolk. Stien startar i vegkrysset ved Hagale, der ungdommane i gamle dagar samlast til dans og moro, og endar der det gamle inntaket i elva, rundt 800 meter lenger oppe i lia.

— Dette er blitt ein svært populær og flott tursti. Me har brukt han mykje. Før var det umogleg å gå her. Alt var overgrodd, men nå er renna komen fram i dagen, seier dei to turglade damene, Kari Vierdal og Klara Vatnedal frå Vats og er godt nøgd med det nye turtilbodet i bygda.

Det er niande gong Kulturveka i Vats blir arrangert. Årets kulturveke med opninga av turstien blei høgtideleg feira med snorklipping og ei interessant oppsummering av historiske fakta signert Torger Audun Ohm, før dei frammøtte kunne ta beina fatt og få seg ein rusletur langs den historiske vegstubben.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS