Formannskapet onsdag 29. mai der dei mellom anna behandla den nye tiltaksplanen for Etne brann og redning.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Brannberedskap
Politikarane vil ha branntiltak på plass raskt
Formannskapet i Etne kommune behandla onsdag den nye tiltaksplanen til EBR, og var samde om at innfriing av tiltaka i brannordninga bør gjennomførast raskare enn føreslått.
Etter fleire rundar med diskusjon av tiltaksplanen, er det no eit fleirtal i Etne formannskap for å i alle fall å prøva på å korta ned tidspersperioden for innfriing av tiltaka som er påpeka i brannordninga.
I møtet onsdag blei kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak, som innebar godkjenning av dokumentet Brannordning – Tiltaksplan 15.05.2024,» samrøysta vedtatt slik det låg føre. Dette dokumentet omfattar både drift for perioden 2024-2027 og investeringar for perioden 2024-2030, og vil danna grunnlag for framtidig budsjettarbeid.
Kommunedirektør Filippo Ballarin sa til formannskapet at det i prosessen aldri har vore usemje om lovverket i brannordninga, men korleis midlane skal prioriterast.