Foto: På avslutningsfesten for VG3 var heile russen framme og viste fram innsamlingsresultatet på til saman 1,5 millionar kroner. I front: Madeleine Jacobsen Harboe, Vemund Skjæveland og Leah Stensland Foto: Kees A. Z. Fjellvang
Slo alle tidlegare rekordar
Russen ved Lundeneset videregåande skule samla inn rekordmykje pengar dette året og på avslutningssamlinga overleverte elevane sjekkar på til saman 1,5 millionar kroner
– Eg er ekstremt imponert over den jobben russen i år har lagt ned, og me er veldig godt nøgde med resultatet, seier Vemund Skjæveland, som har vore dette kullet sin russepresident.
Mesteparten av pengane, 1.350.000, skal gå til prosjektet årets russekull har hatt i Sør-Amerika. Men dei gir også 120.000 til miljøretta tiltak på Lundeneset, og 30.000 til Vågen bedehusforsamling som mange av elevane har hatt eit aktivt forhold til gjennom tida på Lundeneset, opplyser russen ved Lundeneset i ei pressemelding.
På Lundeneset startar innsamlinga til misjonsprosjektet allereie i august, og varer gjennom heile året. Misjonsløpet, eit sponsorløp som blir arrangert på seinhausten, er det som generer mest pengar. I år kom det inn godt over 900.000 på dette løpet. Men også russen sin eigen Premiere League-turnering har vore inntektsbringande, her kom det inn over 160.000 kroner. I tillegg kjem basar og kiosksal.