Vatsbu Monica Nesheim (Sp) engasjerer seg i korleis Vatsfjorden skal bli brukt i framtida. Her med Anne Klette Steinsland. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vatsbu Monica Nesheim (Sp) engasjerer seg i korleis Vatsfjorden skal bli brukt i framtida. Her med Anne Klette Steinsland.

Havvind

Vil ikkje ha grønvasking av fisken si skjebne

For første gong sidan AF Gruppen lanserte planane om utvida bruk av land og sjøareal til produksjon av vindmøller på Raunes i Vats blei saka behandla politisk i formannskapet tysdag. Vatsbu Monica Nesheim (Sp) og fleire var opptatt av at ein ikkje må gløyme fisken i Vats- og Yrkefjorden.

Publisert Sist oppdatert

— Det blir viktig å passe på at planen ikkje blir ein slags grønvasking av negative konsekvensar, sa Monica Nesheim (Sp).

Ho eksemplifiserte med eit scenario der det kunne vere kjipt for fisken, men bra for straumen, og understreka at ein må få fram alle konsekvensane og så ta det innover seg.

I september 2023 offentleggjorde AF Gruppen at dei vil leggje til rette for produksjon av fundamenter og samanstilling av vindturbinar på sitt anlegg på Raunes i Vats. Tysdag blei planprogrammet for detaljregulering for AF Miljøbase med sjøområde i Vats- og Yrkefjorden einstemmig vedtatt. Planprogrammet blei utarbeidd av Norconsult og har vore på høyring og offentleg ettersyn. I prosessen har det blant anna vore eit folkemøte om planane på Skjold Arena i mars der AF Gruppen og Norconsult måtte svare på stor skepsis.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS