Ferietid er bildetid, men du kan ikkje legge ut feriebilda dine heilt utan vidare.
Foto: Frende Forsikring
Mange bryt lova med feriebilda sine
Under halvparten av oss spør om lov før vi deler bilde eller videoar av vennar, familie eller framande på sosiale medium, viser ny undersøking.
Det er ulovleg å dele bilde som andre er med på, viss dei ikkje gir deg lov. For å kunne dele eit bilde andre er med på, må du ha samtykke frå dei, før du deler. Likevel er opplyser berre 46 prosent av dei mellom 18–29 år at dei alltid spør om lov først. 29 prosent oppgir at dei spør nokre gonger.
– Det er lett å trakke i salaten utan å meine det. Du kan kose deg på festival og ta ein selfie med vennane dine, du kan vere på stranda og slappe av med bestevenninna, vere på ein koseleg date» eller ha invitert vennegjengen på besøk for å sjå på OL. Få sekund etter kan bildet liggje ute på nettet, og du kan har brote lova, seier seniorrådgjevar i Frende forsikring, Marius Solberg Anfinsen.