Leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, seier det er stas å få pris.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Natur og Ungdom får internasjonal pris
Natur og Ungdom har blitt valt ut som mottakarar av Max van der Stoel-prisen frå OSSE for sitt arbeid for å gi unge ei stemme i miljøpolitikken.
– Det er ei ære å få ein sånn pris. Det er ikkje berre ei anerkjenning av arbeidet vi gjer, men eit bevis på at Noreg sin dårlege miljø- og menneskerettspolitikk ikkje går usett i utlandet, seier leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius.
Det skriv Framtida.
I grunngjevinga til juryenstår det at Natur og Ungdom får prisen som ei anerkjenning av arbeidet dei har gjort for å byggje bru mellom ulike samfunnsgrupper og for å ha jobba for samiske interesser i miljøkampen.