Ein familie med to barn vil i Vindafjord og Etne kunne spara 28.050 kr i året. Maksprisen i barnehage går ned frå 3.000 kr i månaden til 2.000 kr. Her i Vindafjord og Etne går den ned til heile 1.500 kr. Senterpartiet ønsker at folk skal bu og leva over heile landet. Difor har me gjort det endå billigare i distriktet med barnehage! Det vil gjera det meir attraktivt for unge å busetja seg i distrikta.
Barnehage for barn nr. 3 er allereie gjort gratis. Aldri før har barnehage vore billigare. Dette er eit historisk velferdsgrep. Det betyr noko i ei tid med auka levekostnadar. I ei tid der levekostnadane aukar for alle, skal fellesskapet vera der og stilla opp.
Barnehagen skal bidra til ein god barndom, samtidig som det skal legga grunnlaget for livslang læring, eit godt liv og deltaking i samfunnet i framtida. Me er opptekne av å sikra universelle velferdsordningar, spesielt i ei krevjande tid. Særleg viktig er det for barn som veks opp i familiar som ikkje har like mykje pengar som andre familiar.
Halvtidsplass i SFO blir gratis for 3. trinn, etter ei vellukka innføring av gratis halvtidsplass for 1. og 2. trinn. Me har sett at mange fleire familiar nå søker barna sine inn på SFO. Om kort tid, den 1. september, aukar barnetrygda endå ein gong. Under denne regjeringa har barnetrygda auka med 8.644 kr i året per barn over 6 år og 1.344 kr per barn under 6 år.
Då Høgre og Frp styrte gjekk barnehageprisane opp kvart einaste budsjett. Nå sparar ein familie fleire tusen kroner i året. Det betyr noko kven som styrer.