Får endeleg skikkeleg bane
Skånevik IL er truleg ein av klubbane i regionen som har størst utfordingar med å gjennomføre heimekampar i hardt vestlandsvêr. Nå gler fotballspelarar i fleire generasjonar seg over at ein ny kunstgrasbane er i gang.
— Den nye banen vil ha mykje å seie for idrettslaget, både kva gjeld høve for å arrangere seriekampar og potensielt lage til cupar, seier Leif Bjørnar Larsen i fotballgruppa i Skånevik IL.
Saman med Torleiv Sydnes har han vore drivar for kunstgrasprosjektet som starta for cirka to og eit halvt år sidan. Dei fortel om ein utfordrande prosess der behovet for pengar gjorde at det tok tid. I tillegg har dei måtte organisere samarbeidet mellom Skånevik IL og Etne kommune, der idrettslaget står som utbyggar.
Tvang seg fram
Nå er kostnadane på ti millionar kroner pluss moms fullfinansiert. Onsdag sist veke starta grunnarbeidet til den kommande banen. I det høve møtte Larsen, Sydnes og seniorspelar Espen Molnes Laureid Grannar, der ei gravemaskin er i gang fredag. Larsen hadde også med barna sine, blant anna Olai Aga Larsen, som speler aldersbestemt fotball i idrettslaget.
Per dags dato spelar idrettslaget heimekampar på ein grasbane som taklar store mengder regn svært dårleg, eventuelt grus. På vêrharde dagar blir banen full av dammar på eit nivå ein sjeldan ser andre stadar dei lokale idrettslaga speler heime- og bortekampar. Med ein fotballsesong som kan strekke seg frå tidleg i april til november har Skånevik IL sine lag blitt tvunge til å gjere tilpassingar i terminlistene.
— Me har eit kjempeproblem med å avvikle kampar i starten og slutten av sesongen, så å bygge ein kunstgrasbane tvang seg fram til slutt, seier Sydnes.
Han eksemplifiserer med G12-laget, som berre har ein bortekamp igjen etter å ha spelt borte i heile vår. Seniorlaget spelte heimekampen mot Etne 2 i Etne og bortekampen motsett, slik at dei kunne vente til runde fire med å ta i bruk graset i bluesbygda.
Stort løft
Grunnarbeidet skal bli ferdig tidleg i oktober. Det er sett opp at leverandøren skal komme med sjølve kunstgraset 14. oktober, men det er vêravhengig. Å legge kunstgraset tek cirka ei veke, så om alt går etter planen vil banen vere ferdig i slutten av oktober.
Kunstgrasbanen blir bygd like ved grasbanen og Skånevik kultur- og idrettshall, kor fotballgruppa må trene når det er krevjande vêr. Larsen opplyser at det blir ein bane med lys som dei kan bruke heile året. Han og Sydnes har god tru på at den kan bidra til at fleire i Skånevik vil spele fotball og omtalar det som eit etterlengta tilbod for bygda.
— Eg trur mange ser litt på slike tilbod når dei vurder om dei skal slå seg ned på ein plass, seier Larsen.
Sydnes poengterer at Skånevik i 2024 omtrent er den einaste bygda av ein slik storleik som ikkje har ein kunstgrasbane. I år har idrettslaget seks aldersbestemte lag og eit seniorlag som speler 9ar-fotball i 7. divisjon. Espen Molnes Laureid gleder seg over at seniorane får betre høve for å få treningstid, så vel som å arrangere heimekampar. Han trur kunstgrasbanen kan hjelpe til at seniorlaget, som er i sin andre sesong sidan comebacket, blir varig.
— Me har lyst at me skal klare å halde eit A-lag. Det er viktig for dei yngre også, seier Molnes Lauareid.
Kommande laurdag møter Molnes Laureid og lagkameratane Larsen, Sydnes og resten av Old Boyes-laget til ein showkamp på grasbanen til inntekt for idrettslaget. I fjor var det rundt 100 tilskodarar på same kamp. Neste år kan unge og gamle heltar potensielt møtast på ein ny kunstgrasbane. Det har blitt mogleg gjennom at kommunen har tatt på seg grunnarbeidet, spelemidlar, samt gåver frå SØK-stiftinga, Mohn-fondet og Sparebanken Vest.
Kunstgrasbanen kjem til å stå ganske fritt for alle, slik at det blir rom for leik og eigentrening utanom treningstider. Skulen og barnehagen kjem også til å få høve til å ta den i bruk.
— Det er berre kjekt om den blir brukt mest mogleg, avsluttar Larsen.