Her om dagen var eg i Skånevik, fordi nokon ville vise meg ein liten skatt.
På kartet ser det ikkje så viktig ut, men når ein står der, ved båthamna, så er ein omringa av ei lun vik.
Frå vika ser ein flotte bratte berg, med ei og anna furu som veks i bergsprekkane, og om ein kikkar litt rundt, ser ein stiar som går vidare til ei bru som knyt i hop Hamnaklubben sitt areal der ein kan sitte og kose seg med grilling og bading. Og ein ser ein idyllisk skogssti ein kan bruke som snarveg. Litt bortanfor, men likevel på avstand, ser ein eit glimt av industri. Ja, den er nær, men ikkje plagande nær. Her har skånevikerar og feriegjester leika som barn, og ynskjer at framtidas barn i Skånevik skal kunne komme hit og skape like gode minner. Barnehage og skule brukar området og stien, og det praktiske er at her ligg ei lagune, som er grunn nok til trygg bading. Det er òg tilrettelagt at ein skal komme seg lett fram om ein til eksempel er bevegelseshemma eller trillar barnevogn. Dette er med andre ord ei skjult perle i sjølve perla, Skånevik.
Dei som inviterte meg, peikar mot bergveggen og delar av skogen. Begge stader er blitt foreslått til industri. Folk er fortvila. Både medlemmer av Hamnaklubben, fastbuande og dei som kjem hit regelmessig. Her må fleire engasjere seg, og dei politiske partia i Etne kommune bør ta grep, og sikre at dette flotte området som er i fare for å øydeleggjast, ikkje vert til industri. Skogen og berga rundt vika gjer området vakkert, og dempar støyen frå industrien som ligg like ved, og det fungerer som ein visuell skjerming av vika, og fangar opp støvpartiklar frå eksisterande industri.
Ein god buffersone med skog mellom friluftsområde og industri er viktig og konfliktdempande. Derfor meiner eg at det ikkje bør pressast meir industri inn mellom eksisterande industri og dette friluftområdet.
Det finnes heilt sikkert andre områder ein til dømes kan legge solceller, som og er meir anvendeleg enn bratte bergflatar mot aust/nordaust.
I området rundt stien er det også viktig å ta omsyn til biomangfaldet og myra som er der. Skal ei bedrift etablere seg der, vert det mest sannsynlig gravd ut og planert. Det er viktig å påpeike at det ikkje er spor etter industri på sjølve området me snakkar om no, og at det ser ut som urørt natur sett frå stien som er laga.
Det er ikkje for seint å stoppe utviklinga i området, men politikarane i kommunen må på bana, og setje foten ned. Det må ikkje bli slik at bygda blir frårøva alt det som gir Skånevik sjarm og trivnad. Ein kommune bør òg tenke kor viktig det er å ha gratis rekreasjon for kommande generasjonar. Gjennom fortetting vert slike områder enno viktigare å bevare. Strandsoneutbygging SKAL og BØR væra siste utveg. Der ein har mogleghet til å tilbakeføre kommunal eigedom, som ikkje enno er rørt av industri, til LNF, så bør ein gjere dette.
Det sirkulerer ein tekst no, som ein mellom anna finn på Facebook i gruppa «Dette snakker vi om i Skånevik – Etne», der ein kan svare på 2. høyringsrunde i Kommuneplanen, med svarfrist den 25. August. Bruk denne, eller svar med eigen tekst. I dette rundskrivet som eg har sett, og delt, skriv ein at om ikkje kommunen aktivt stopper forslaget om industri i omtalte område, så vil dette få følger ved neste kommuneval. Dette er jo sjølvsagt drastisk, og kommunen har no moglegheit til å rette opp før noko slikt skjer.
Mvh Agathe Børretzen, medlem i miljøpolitisk utval, Vestland SV