Storkoste seg på banen
At regnet til tider ausa ned då unge fotballspelarar var samla til kamp på kunstgrasmatta i Vikedal sette ingen dempar på spelegleda.
— Det blir ikkje så varmt når det regnar, seier Sara Rygg Haugen frå Etne og kosar seg på banen sjølv om regnbygene kjem tett denne søndagen.
Saman med resten av jentene på Etne J9 har ho nett gjort seg ferdig med dagens første kamp som enda med siger, og snart ventar kamp nummer to.
— Dette er gøy. Me vann 5-0 mot Vindafjord IL. Me skal spela tre kampar i dag, og skal spela 2 kampar til mot andre lag frå Etne, seier ho.