Det blir hestar å treffe på Dyrsku'n – men ingen sauer. Eit farleg virus er årsaka. Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Det blir hestar å treffe på Dyrsku'n – men ingen sauer. Eit farleg virus er årsaka.

Dyrsku’n utan dyreutstilling

Publisert Sist oppdatert

For første gong på 160 år blir Dyrsku’n i Seljord arrangert utan husdyrutstilling på grunn av farleg virus, melder NRK.

Blåtungeviruset har komme med sviknott frå Danmark og er påvist på sau på Sørlandet. Viruset kan vere dødeleg for sau og gir symptom som ein hard influensa hos vaksne storfe.

Dermed blir det inga ordinær husdyrutstilling på Dyrsku’n i år, og heller inga kalvemønstring eller saueklipping.

– For Dyrsku’n sin del er dette veldig dramatisk, det er husdyrutstillinga Dyrsku’n er tufta på, seier styreleiar Aslak Snarteland til NRK.

Ingen sauer blir tillatne, og for dei andre husdyra blir det berre små isolerte grupper på tre ulike stader. Snarteland lovar likevel ei god oppleving for publikum.

– Folk kan møte dyr, og eg meiner publikum kan få ei god oppleving. Vêrmeldinga er veldig bra, det er mykje hest som skal møte laurdag og søndag, og det blir jo både fjørfe, gris og andre dyr, forsikrar han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS